Babylon 5

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Babylon 5 er ei science fiction-serie som vart produsert av J. Michael Straczinsky for Warner Brothers. Serien gjekk i fem sesongar frå 1994 til 1998.

Emne[endre | endre wikiteksten]

Serien tek for seg livet på ein romstasjon, Babylon 5, i åra 2258 til 2261, under ei svær omveltningstid for menneskeslekta. Romstasjonen er "sett i nøytralt område, som eit slag FN i verdsrommet, for at alle dei ulike slaga romvesen skal kunne ordne opp i samkvem og usemje på fredeleg vis. Stasjonen vert kalla nr. 5 av di dei fire førre stasjonane vart råka av ymse sabotasjar og ulukker.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Babylonprosjektet vart sett i gang etter ein øydande krig mellom menneska (The Earth Alliance), og Minbarane (the Minbari federation), der menneska vart nærpå utrydda. Minbarane gav opp kampen av uklåre grunnar rett før dei endeleg vann, og etter det samarbeidde dei med menneska og andre romvesen for å få i stand Babylonprosjektet. På stasjonen vart det stasjonert ambassadørar frå ei rekkje planetar, mest framtredande var Minbar, ved Delenn (Mira Furlan) Repiblikken Centauri, ved Londo Mollari (Peter Jurasik), Narn, ved G'kar (Andreas Katsulas), og Vorlon-imperiet, ved den gåtefulle Kosh. I tillegg kjem ei rekkje alliansefrie planetar, som stør opp om sakene som det høver dei.

Menneska som driv stasjonen vart leidd av Jeffrey Sinclair (Michael O'Hare), og seinare John Sheridan (Bruce Boxleitner), i lag med nestkommanderande Susan Ivanova (Claudia Christian), legen Stephen Franklin (Richard Biggs), og tryggleikssjefen Michael Garibaldi (Jerry Doyle).

I det 23. hundreåret vert jorda styrt av ein vald president, og menneska har ei rekkje koloniar, mellom anna Mars. Elles har menneska utvikla telepatar eller tankelesarar, som vert hyra og samla inn av ei eiga sameining kalla Psi Corps. Desse vert for det meste mistrudd av vanlege folk.

Skuggekrigen[endre | endre wikiteksten]

Det sentrale temaet i serien, som var laga i fem sesongar som liknar aktene i eit klassisk drama, er skuggekrigen, mellom eit framandt folkeslag kalla «skuggane» på den eine sida, og vorlonane på den andre. Desse to slektene, som høyrer til «dei eldste» (The old ones), har som oppgåve å lære opp dei yngre slektene, og driv dei føre seg i kampen. Dei vert avslørde til sist, og bedne om å fara av, bortom randa av galaksen. Dette gjer dei, og overlet til menneska og dei andre å styre sin eigen lagnad.

Serien tek elles opp i seg tilvisingar til ei rekkje eldre kult-seriar og eldre kultur. Eit gjennomgangstema er til dømes diktet Ulysses av Tennyson. Elles er det klåre og mindre synlege tilvisingar til Karl Jung.

Produksjonstekniske problem[endre | endre wikiteksten]

Serien var tenkt som eit storslege epos, og lukkast langt på veg i dette, men råka på større og mindre problem under produksjonen. Ettersom serien skrei fram, vart han meir og meir populær, og fekk ein trufast fanskare. Nett då var det at selskapet valde å leggje seg borti produksjonen, og frå tredje sesong var det uvisse om serien skulle få halde den planlagde lengda på fem sesongar. Avgjerda om ein femte sesong kom seint i produksjonen av fjerde sesong. Dette førte til at slutten av fjerde sesong vart avrunda slik at serien kunne ha slutta der. Dette tydde og at mykje av sogematerialet som var tenkt til femte vart drege attende. Så vart då femte sesong produsert likevel, men på eit mindre budsjett, stuttare innspelingstid for kvar episode, og med lite att å byggje serien på. I tillegg til dette hadde Claudia Christian (Ivanova), og Jason Carter (Marcus Cole), slutta, noko som skuffa fansen. Ivanova, som var tiltenkt ei rolle i sesongen, vart erstatta av rolla Elizabeth Lochley (Tracey Scoggins).

Oppfølgjarserien[endre | endre wikiteksten]

Det vart og planlagt ein oppfølgjarserie, Crusade, som tok føre seg tida etter hovudserien, åra 2267 til 2271. I denne tida hadde skuggetenarane hemna seg for skuggekrigen ved å infisere jorda med eit virus, som hovudpersonane på romskipet Excalibur leitar etter motgift for. Serien var og tenkt i fem sesongar, men vart avslutta etter 13 episodar.