Bacoli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Byen Bacoli sett frå nord

Bacoli er ein by og ein kommune i provinsen Napoli i regionen Campania i Italia. Kommunen har ikring 27 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 13,3 km². Bacoli ligg på ei halvøy ut mot Tyrrenhavet og Napolibukta, 15 kilometer på vest for provinshovudstaden Napoli. Øyane Procida og Ischia ligg i havet utanfor Bacoli.

Ruinane av oldtidsbyen Cumae, grunnlagd av grekarar i det åttande hundreåret før Kristi fødsel, er å sjå ved landsbyen Cuma i Bacoli kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]