Baggy Point

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baggy Point
nes
Land  England
Kart
Baggy Point
51°8′ N 4°15′ W
Wikimedia Commons: Baggy Point

Baggy Point er eit nes nord i Devon i England. Det skil buktene Croyde og Morte Bay med strendene Woolacombe og Putsborough.

Neset består av sandstein og er ein populær klatreplass.[1]

Baggy Point sett frå Putsborough Beach

Området er eigd av National Trust,[2] og er ein del av ein Site of Special Scientific Interest (stad av særleg vitskapleg interesse) på grunn av dei geologiske tilhøva her med sandstein frå øvre devontida.[3]

Det er spor etter menneskelege busetnader frå mellomsteinalderen. Under den andre verdskrigen vart området nytta som treningsområde av amerikanske styrkar før D-dagen.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Baggy Point». Climbing Database. UK Climbing.com. Arkivert frå originalen 13. desember 2006. Henta 17. januar 2010. 
  2. «West Country coasts». National Trust. Henta 17. januar 2010. 
  3. «Saunton to Baggy Coast» (PDF). Educational Register of Geological Sites. Devon County Council. Henta 17. januar 2010. 
  4. «A Walk Round Baggy Point (Newsletter No 10 2005)». North Devon Archeological Society. 2005. Arkivert frå originalen 28. august 2008. Henta 17. januar 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]