Sandstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandstein

Kjenneteikn
Gruppesedimentær
Hovudmineralkvarts, feltspat, kalk
Identifikasjon
BruksområdeByggjemateriale, heller, kvernstein, slipestein, bryn
Tettleik2,4-2,6
AnnaViktig reservoarbergart for petroleumsutvinning

Sandstein er ein sedimentær bergart hovudsakleg danna av sandkorn som er bundne saman med eit mineralsk bindemiddel. Han finst i ulike fargar, vanlegvis i eit spekter frå gråkvit til raudbrun.

Som med vanleg sand er hovudbestanddelen i bergarten kvarts og feltspat, sidan dette er dei vanlegaste minerala i jordskorpa. Bindemiddelet er som regel utfelt kvarts, kalk, leire eller jernsambindingar. Visse sandsteinar har holrom mellom korna som ikkje er heilt fylt av mineralavsettingar. Desse kan innehalda vatn eller petroleum.

Ulike sandsteinar.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Sandstein med mykje feltspat kallar ein arkose om han er grovkorna og raudleg og gråvakke om han er finkorna og grågrøn.

Sandstein finst fleire stader i Noreg, mellom anna i Oslofeltet (til dømes brumundsandstein), Trysil (trysilsandstein), på Ringerike (ringerikssandstein), i ytre Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag (frå devon) og Oppland/Hedmarksområdet og Finnmark («sparagmitt», ei eldre nemning på arkoser og gråvakker)

Omdanna (metamorfe) sandsteinar blir kalla kvartsittar.

Sandsteinformasjonar i Monument Valley i Utah.
Forvitra sandstein på Pebble Beach i San Mateo County i California.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Nokre typar sandstein er svært hardføre, men andre kan lett bli nedslitne av vind og vatn. Sandsteinar med kalk som bindemiddel forvitrar lett når dei blir utsette for sur nedbør. Forvitra sandstein har skapt naturlege bogar, hòler og andre steinformasjonar ei rekkje stader i verda.

Bygging med utskoren sandstein ved Qutub minar i Delhi.
Døypefont i sandstein i Hamra kyrkaGotland.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Sandstein er lett å skjera ut og er mykje brukt som bygningsstein og inventar.

Porøs sandstein som inneheld petroleum er viktige reservoarbergartar ved olje- og gassutvinning, mellom anna ved Statfjord og Trollfeltet i Nordsjøen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]