Bajdaratskajabukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa til Bajdaratskajabukta i Karahavet.

Bajdaratskajabukta (russisk Байдарацкая губа, Bajdaratskaja guba) er ei bukt i Russland på sørsida av Karahavet mellom den nordlege enden av Uralfjella og Jamalhalvøya. Bukta har ei lengd på om lag 180 km og ei breidde på om lag 78 km ved munningen. På det djupaste er bukta opp mot 20 meter. Overflatevatnet held 5-6 °C om sommaren, og om vinteren frys bukta til. Elvane Bajdarata, Juribej og Kara, samt nokre til, munnar ut i Bajdaratskajabukta.

Bukta inneheld nokre større øyar, som Torasovej, Litke og Levdijev.

Gazprom har lagt ei gassrøyrleidning over bukta frå dei rike gassførekomstane på Jamal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 69°0′N 67°30′E