Bakrus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tilstanden til ein person i bakrus skildra på eit tysk oskebeger frå om lag 1870. Motivet vart kalla Das Katerfrühstück («Bakrusfrukosten»), og oskebegeret vart laga for den dåverande Alsenlischen Zementfabrik.

Bakrus, bakfyll, blåmåndag, tømmermenn og fyllesjuke er ulike nemningar på dei plagane eit menneske får etter stort inntak av alkoholhaldig drykk. Dei vanligste plagane under bakrus er hovudpine, kvalme, uro og sterk kjensle av å vere uvel.

Årsaka til bakrus er at kroppen, særleg hjernen, har tilpassa seg alkoholen etter eit stor alkoholinntak over fleire timar. Ein meiner at bakrus i hovudsak har si årsak i at hjernen slit med å venne seg til at alkoholen forsvinn som fylgje av at han vert forbrent i kroppen, hovudsakelig i levra. Det oppstår med dette ein slags abstinens. Bakrusen vert dessutan forverra av den uttørkinga av kroppen som vanlegvis fylgjer med stort alkoholinntak, drykken er i seg sjølv vassdrivande (urindrivande). Det kan truleg hjelp på bakrusen å syte for å få i seg rikeleg med alkoholfri væske både i tida då ein er rusa, og i tida etterpå. Skort på svevn, og dessutan at at svevnen ofte er av dårlegare kvalitet enn elles, er òg medverkande til bakrus.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]