Balbina Valverde
Balbina Valverde | |||
| |||
Fødd | 28. februar 1840 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Badajoz | ||
Død | 26. februar 1910 (69 år) | ||
Dødsstad | Madrid | ||
Aktive år | 1858–1910 | ||
Verka som | skodespelar | ||
Born | Julia de Lara Valverde |
Balbina Valverde (28. februar 1840–26. februar 1910) var ein spansk skodespelar.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Valverde var fødd i Extremadura, og var syster av komponisten Joaquín Valverde (som saman med Federico Chueca skreinv zarzuelaen La Gran Vía)[1] og bestemor til filmregissøren Fernando Delgado de Lara. Etter at far hennar døydde i 1851, flytta ho med familien til Madrid. Der gjekk ho inn på el Conservatorio, og hadde mellom anna skodespelarar som Julián Romea og José García Luna til lærarar. Med anbefaling frå Ventura de la Vega gjekk ho inn som andre dame i selskapet til Teatro del Príncipe, der ho debuterte 18 år gammal i Vida por honra av Hartzenbusch.
Ho byrja å skinne som karakterskodespelar i verk som La culebra en el pecho og ¿Quién es el autor?, og blei den beste kvinnelege komedieskodespelaren i denne rolla i si tid.[2] Ein reknar med at ho spelte i over 350 teaterstykke, og var ein av favorittskodespelarane til forfattarar som Ramos Carrión, Gaspar y Rimbau, Vital Aza og Emilia Pardo Bazán, som skreiv monologen El vestido de boda for henne.[3]
3. september 1880 leia ho skodespelarane som opna Teatro Lara. Ho blei verande der i 27 år, og var kjend for å alltid koma punktleg til både prøvar og i førestillingar.[4] Den siste stor suksessen hennar var i rolla som doña Sirena, med premieren av Los intereses creados av Jacinto Benavente i 1907, før ho forlet scena for godt.[2] Ho døydde i Madrid i februar 1910. Gravfølgjet gjekk gjennom gamle Madrid, forbi Teatro Español, Comedia, Apolo og til slutt Lara, og dette skal ha vore den einaste gongen Balbina var for seint ute.[5][6]
Ho var svigermor til skribenten Sinesio Delgado, som gifta seg med dotter hennar Julia de Lara Valverde i 1888.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Karikatur av Balbina Valverde, signert av Manuel Tovar Siles i 1919.
-
Karikatur av Balbina Valverde i Madrid Cómico frå 1886.
-
Skodespelarar frå El himno de Riego.
-
Skodespelarar frå El himno de Riego.
-
Skodespelarar frå El himno de Riego.
-
Balbina Valverde i Pepita Reyes i 1903.
-
Skodespelarar frå Pepita Reyes
-
Skodespelarar frå Pepita Reyes
-
Skodespelarar frå Pepita Reyes
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Gómez García 1998, s. 860.
- ↑ 2,0 2,1 Huerta 2005.
- ↑ Pardo Bazán, Emilia. «El vestido de boda». Henta 21 de junio de 2015.
- ↑ Martínez Olmedilla 1947, s. 277.
- ↑ Martínez Olmedilla 1947.
- ↑ «Necrológica». Henta 21. juni 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Balbina Valverde» frå Wikipedia på spansk, den 18. desember 2023.
- Wikipedia på spansk oppgav desse kjeldene:
- Gómez García, Manuel (1998). Diccionario Akal de Teatro. Ediciones Akal. ISBN 9788446008279.
- Huerta, Javier; Peral, Emilio; Urzaiz, Héctor (2005). Espasa-Calpe, red. Teatro español de la A a la Z. Madrid. ISBN 9788467019698.
- Martínez Olmedilla, Augusto (1947). Los Teatros de Madrid. ISBN 9788446008279.
- Martínez Olmedilla, Augusto. «Teatro Lara». Henta 21 de junio de 2015.