Jacinto Benavente

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jacinto Benavente
Jacinto Benavente.jpg
Fødd 12. august 1866
Madrid
Død

14. juli 1954
Madrid, Galapagar

Jacinto Benavente på Commons

Jacinto Benavente y Martínez (12. august 186614. juli 1954) var ein spansk dramatikar og journalist som i 1922 blei tildelt Nobelprisen i litteratur «för det lyckliga sätt varpå han fullföljt den spanska dramatikens ärofulla traditioner.»[1][2]

Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1922

Liv[endre | endre wikiteksten]

Jacinto Benavente var fødd i Madrid. Han studerte jus i heimbyen, men då faren døydde avbraut han studiet. Den store arven etter faren – ein kjent lege – gjorde det mogleg for Benavente å gjere lange reiser gjennom Europa. Attende i Spania skreiv han for aviser og tidsskrift. Seinare var han sjefsredaktør i tidsskriftet La vida literaria og arbeidde likeeins for tidsskrifta La Ilustración og El imparcial. Teaterstykket Gente conocida blei eit gjennombrot og var starten på ein glitrande karriere som heldt fram til han døydde. Dei nesten 200 skodespela han skreiv var ein stor vinst for utviklinga av det spanske teateret.

Benavente støtta Franco under den spanske borgarkrigen, noko som skada ryet hans, særleg i utlandet. Like fullt blir han rekna som grunnleggaren av det spanske teateret.

Jacinto Benavente døydde ugift i Madrid, 87 år gammal.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

  • La ciudad alegre y confiada (1916)
  • Los intereses creados (1908)
  • Su amante esposa (1950)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "for the happy manner in which he has continued the illustrious traditions of the Spanish drama."
  2. Nobeltildelinga 1922 på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

  • Brockhaus Nobelpreise. Chronik herausragender Leistungen. Bibliographisches Institut, Mannheim, 2. opplag 2004, ISBN 978-3765304910