Ballymena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ballymena
Baile Meánach
by
Ballymena town hall.jpg
Land Ulster Banner.svg Nord-Irland
Fylke County Antrim
Distrikt Mid and East Antrim Borough Council
Folketal 28 717 (2001)
Wikimedia Commons: Ballymena

Ballymena er ein by i Antrim i Nord-Irland. Det irske namnet på byen, Baile Meánach, tyder 'Midtbyen'.[1] Ved folketeljinga i 2011 hadde Ballymena eit folketal på 29 467.[2] Byen er den åttande største i Nord-Irland. Han høyrer til Mid and East Antrim Borough Council, som har hovudkvarter her.[3]

Ballymena blei bygd på land gjeve til Adair-familien av kong Karl I i 1626. Til gjengjed skulle byen halda to årlege marknadar og ein laurdagsmarknad i all ettertid. Laurdagsmarknaden var framleis i drift i 2018. Ballymena er elles ein viktig handleby for nordirar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «An Baile Meánach/Ballymena». Logainm.ie. Henta 9. februar 2016. 
  2. «Ballymena». Census 2011 Results. NI Statistics and Research Agency. Arkivert frå originalen 22. april 2015. Henta 30 April 2015. 
  3. «Mid and East Antrim Borough Council». Mid and East Antrim Borough Council. Henta 20. mars 2019.