Bamburgh
| Bamburgh | |||
| by | |||
Bamburgh Castle frå nord. Foto: Michael Hanselmann | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Northumberland | ||
| Folketal | 414 (2011)[1][2] | ||
| Postnummer | NE69 | ||
| Retningsnummer | 0 1668 | ||
![]() Bamburgh 55°36′14″N 1°43′20″W / 55.604°N 1.7222°W | |||
| Wikimedia Commons: Bamburgh | |||
Bamburgh er ein liten by ved kysten i Northumberland i England.
Bamburgh slott var sete for kongane av Northumbria. Byen var òg hovudstad for det angelsaksiske kongedømet Bernicia på 500- og 600-talet. Det vart bygd av Ida av Bernicia (ca. 547–559). Det opphavlege namnet på staden skal ha vore Bebbanburgh, etter Bebba, som var gift med sonesonen til Ida Adda av Bernicia. I 1704 vart slottet kjøpt av Lord Crewe, biskop av Durham. Han oppretta ein velgjerande jenteskule der. Fondet som skulle finansiere skulen dekte ikkje drifta over tid, og i 1894 kjøpte William, 1. Lord Armstrong slottet og gjorde det til bustaden til familien. Dei bur enno der.
Den første kyrkja i Bamburgh vart reist av Oswald av Northumbria i 635.
Ein av dei mest kjende personar frå Bamburgh er Grace Darling (1815–1842). I 1838 rodde ho saman med faren sin ut til eit skip som hadde gått på grunn, og dei lukkast i å redde ni passasjerar. Ho er gravlagt på kyrkjegarden, og rett ved sida av ligg eit museum til hennar ære.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://www.neighbourhood.statistics.gov.uk/dissemination/LeadKeyFigures.do?a=7&b=11120330&c=bamburgh&d=16&e=62&g=6452843&i=1001x1003x1032x1004&o=362&m=0&r=1&s=1465468215091&enc=1.
- ↑ «Key Statistics»; utgjevar: Office for National Statistics; avsnitt, vers eller paragraf: Table KS101EW (Usual resident population) and Table KS105EW (Household composition); vitjingsdato: 23. juni 2025.
- Denne artikkelen bygger på «Bamburgh» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juli 2011.
