Bandet Bauhaus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bauhaus

Bauhaus held konsert i London i 2006. Venstre til høgre: David J, Peter Murphy og Daniel Ash
OpphavNorthampton i England
Aktiv1978–1983, 1998, 2005–2008
SjangerPost-punk, gothic rock
Tilknytte artistarLove and Rockets, Tones on Tail, Dalis Car
PlateselskapSmall Wonder, 4AD, Beggars Banquet

Bauhaus var eit engelsk rockeband danna i Northampton i 1978. Gruppe bestod av Peter Murphy (vokal), Daniel Ash (gitar), Kevin Haskins (trommer) og David J (bass). Bandet vart opphavleg kalla Bauhaus 1919 før dei droppa talet i løpet av eit år. Med ein mørk og dyster lyd og stil vert Bauhaus generelt rekna som det første gothic rock-bandet.

Bauhaus vart oppløyst i 1983. Peter Murphy starta ein solokarriere, medan dei andre medlemmane heldt fram som Tones on Tail og sidan Love and Rockets. Begge hadde større kommersiell suksess i USA enn Bauhaus hadde, men forsvann frå listene i heimlandet. Bandet vart gjenforeint i 1998 for ein turn, og på meir permanent basis i 2005. Bandet vart oppløyst igjen etter at dei gav ut det siste albumet sitt, , Go Away White, i 2008.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Musikkstilen til Bauhaus var frå byrjinga av dyster og mørk postpunk, og dei vert rekna som det første ekte goth-bandet. Flørten deira med nettopp gotisk litteratur kom fram på debutsingelen deira «Bela Lugosi's Dead» frå 1979. På trass av at songen varar i over ni minutt, vart han på mange måtar epokegjerande for goth-rock med den drivande bassen sin og enkle trommerytmen. Det at songen høgst truleg er parodisk endra ikkje statusen hans. Songen vart spelt på BBC, og John Peel foreslo at bandet skulle lage ein BBC Session. Det medførte etter kvart til debutalbumet In The Flat Field, som vart svært populær på independent-lista, og kom på 72. plass på pop-lista. Albumet blir rekna av fleire som det første goth-albumet, og det hadde stor innverknad på samtidige musikarar, især den oppveksande goth-generasjonen.[1]

Suksessen til Bauhaus vart for stor for 4AD, og i staden vart dei flytta opp til Beggars Banquet Records, der dei gav ut dei tre påfølgjande albuma. Bauhaus hadde moderat suksess med dei nye platene, og dei fekk fleire singlar på topp 100-lista, som «Kick in the Eye» (nr 59), «The Passion of Lovers» (56) og «Spirit» (42). På trass av at dette var den beste plasseringa, var det skuffande, fordi bandet hadde fått dette som ein satsningssong. Likevel fekk Bauhaus ei stor hit med coverversjonen sin av «Ziggy Stardust» av David Bowie. Denne songen var, i motsetnad til tidlegare songar, positiv og særs glamorøs, enno meir enn originalen. Etter kvart vart det mykje fokus på Peter Murphy, og dei andre medlemmane mislikte dette. Det vart etter kvart avgjort at bandet skulle oppløysast i 1983.

Dei tre andre medlemmane starta bandet Love and Rockets, som var ein meir alternativ rock/pop-orientert utgåve av bandet. Mellom Bauhaus og Love and Rockets hadde David J. heldt på med sideprosjektet Tones on Tail, som glei over i Love and Rockets etter at Bauhaus vart splitta opp. Murphy hadde ein kort karriere med bandet Dali's Car, som laga eit album før dei splitta opp. Deretter var Peter Murphy soloartist.

Bandet gjorde eit kort comeback i 1998, og deretter ein treårstur i 2005-2008. Bandet gav ut det første albumet sitt sidan 1983, Go Away White, i 2008, og deretter var det ugjenkalleleg slutt.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Reynolds, Simon. Rip It Up and Start Again: Postpunk 1978–1984. Penguin, 2005. ISBN 0-14-303672-6
  • Shirley, Ian. Dark Entries: Bauhaus and Beyond. SAF, 1994. ISBN 0-946719-13-6
  • Thompson, Dave. The Dark Reign of Gothic Rock: In The Reptile House with The Sisters of Mercy, Bauhaus and The Cure. Helter Skelter, 2002. ISBN 1-900924-48-X

Notes[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bandet Bauhaus