Banff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Banff
by
Banff Avenue - Cascade Mountain01.jpg
Land Flag of Canada (Pantone).svg Canada
Provins Alberta
Areal 4,85 km²
Folketal 6 700
Tidssone UTC −7
Kart
Banff
51°10′41″ N 115°34′19″ W
Wikimedia Commons: Banff, Alberta
Jarnbanestasjonen

Banff er ein by i provinsen Alberta i Canada. Banff er omkransa av fjell og er den høgastliggande byen i Canada. Banff ligg 126 kilometer vest for Calgary og 58 kilometer austom Lake Louise på den transkanadiske motorvegen.

Banff er eit av Canadas mest populære turistmål kjent for det omliggande fjellandskapet og dei varme kjeldene sine. To store skianlegg ligg i nærleiken av byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første innbyggarane kom til Banff i 1880-åra, etter at jarnbana frå Atlanterhavet til Stillehavet vart lagt gjennom Bow Valley. I 1883 oppdaga tre jarnbanearbeidarar fleire varme kjelder i fjellsida til Sulphur Mountain. To år seinare vart eit 26 km² stort reservat oppretta rundt dei varme kjeldene og området vart promotert som eit internasjonalt ferie- og spa-anlegg for å auka kundegrunnlaget for den nye jarnbanelinja.[1] I 1887 vart området utvida til 673 km² og kalla «Rocky Mountain Park». Dette vert rekna som ein av Canadas første nasjonalparkar.

Området fekk namnet Banff i 1884 etter Banffshire i Skottland, som var heimstaden til George Stephen, ein tidlegare direktør i Canadian Pacific Railway.[2]

Banff sentrum utvikla seg rundt jernbanestasjonen som eit turistkontor for dei tilreisande til nasjonalparken. I 1985 kom Banff nasjonalpark inn på UNESCOS liste over verda si kultur- og naturarvsteder som ein av nasjonalparkane i Rocky Mountains.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referanser
  1. History of the Town of Banff
  2. Banff Heritage Tourism Corporation, arkivert frå originalen 20. august 2008, henta 20. juni 2016 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]