Alberta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alberta
Geografisk plassering

Provins i Canada

Hovudstad Edmonton
Flatevidd

 - Rangering i Canada

661 848 km²

6.

Folketal (2008)

 - Rangering i Canada
 - Folketettleik

3 497 881

4.
5,29/km²

Grunnlagd 1. september 1905 (skild frå Nordvestterritoria)
Offisielle språk engelsk
Premierminister
Visekonge
Ed Stelmach
Norman Kwong
Nettstad www.gov.ab.ca
Flagg
Flagg

Alberta er ein av provinsane i Vest-Canada. Han vart erklært provins frå 1. september 1905. Alberta er avgrensa av provinsane Britisk Columbia i vest, Saskatchewan i aust, Nordvestterritoria i nord og av Montana, Sambandsstatane i sør. Alberta er saman med Saskatchewan einaste provinsar i landet utan grense mot havet. Arealet for provinsen er 661 190 km².

Hovudstaden i Alberta er Edmonton, han ligg nær det geografiske midtpunktet i provinsen. Calgary er eit trafikkhovudknutepunkt og det vektigaste finanssenter i landet. Edmonton er base for forsyningar og tenester til petroleumsverksemda i Canada og til annan ressursindustri. Etter siste overslag for folketal har desse to metropolane i området over ein million menneske, og Calgary har noko større folkesetnad enn Edmonton.

Andre vektige, men langt mindre byar i provinsen er Reed Deer, Lethbridge, Medicine Hat, Fort McMurray, Grande Prairie, Camrose, Lloydminster, Wetaskiwin, Banff og Jasper.

Alberta har namn etter prinsesse Louise Caroline Alberta (1848-1939), den fjerde dottera åt Victoria av Storbritannia. Prinsesse Louise var ektefellen til John Campbell, guvernør i Canada frå 1878 til 1883. Prinsessa har òg gjeve namn til innsjøen og staden Lake Louise og til byane Caroline og Mount Alberta.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Lake Morraine, tidlegare avbilda på den kanadiske 20$ setelen. (Foto: Michael Rogers.)
Mykje av landskapet i Alberta er flatt, i sør er det òg utan skog.(Foto: Glen Larson.)

Med unntak av regionar i søraust har denne provinsen gode vassforsyningar. Alberta har tre store innsjøar og mengder av sjøar under 260 km². Delar av Athabascasjøen (7898 km²) ligg innanfor Saskatchewan.

Lake Claire (1436 km²) ligg rett vest for Athabascasjøen i Wood Buffalo National Park. Litle Slavesjø (1168 km²) ligg nordvest for Edmonton. Fordi Alberta spenner meir enn 1200 km frå nord til sør, og er kring 600 km på sitt breiaste i aust-vestaksa, vil klimaet naturleg nok variere mellom 49. og 60. breiddegrad. Provinsen ligg på eit høgt platå, som òg påverkar klimaet. Høgda over havnivået varierer frå 650 meter i nord til 1000-1200 moh. i sør. Rocky Mountains som ein vegg i sørvest, og den opne prærien i resten av territoriet påverkar òg vêret her.

I nord er Alberta for det meste dekt av taiga og har færre frostfrie dagar enn Sør-Alberta som har eit halvtørt klima. Spesielt i det søraustlege hjørnet av provinsen opplever ein betre sommarvarme og mindre regn enn i resten av provinsen. Vestre Alberta er beskytta av fjella og nyt godt av mildt vêr som kjem av chinooken, medan søraustlege Alberta jamt over er flat, tørr prærie med nokre åsar kor sommartemperaturane ligg på det høgste i provinsen.

Hovudstaden i Alberta, Edmonton, ligg rett ved det geografiske midtpunktet i provinsen. Ved byen finn ein oljeraffineri. Området i sør, kring Calgary er kjent for ranching. Mykje av dei skoglause områda av Alberta er nytta ut til enten korndyrking eller mjølkeproduksjon, med krøtterfarmane som dominerande i sør.

I det søraustlege Alberta, kor Red Deer River kryssar den flate prærien og jordbrukslandet, finn ein erodert land med djupe juv og dramatiske landformer.