Bangalore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 12°58′N 77°34′E

Bengaluru/Bangalore (ಬೆಂಗಳೂರು)
by
none
Land Flag of India.svg India
Stat Karnataka
Region Bayaluseemē
Distrikt Bangalore Urban
Høgd 920 m
Areal 1 276 km²
Folketal 9 645 551 (2011)
Grunnlagd 1537
Tidssone IST (UTC+5:30)
Postnummer 560 xxx
Wikimedia Commons: Bangalore
Nettstad: bbmp.gov.in

Bangalore eller Bengaluru (kannada ಬೆಂಗಳೂರು, Bengalūru), er delstatshovudstad i Karnataka i India. Han er ein av dei største byane i India med 8 425 970 innbyggjar.[1] Byen er kjend som eit sentrum for indisk IT-industri, og huser mange fleirnasjonale føretak innan bransjen. Bangalore ha også ei rekkje parkar, og er innan India også kjend som «hagebyen».

Den noverande byen blei grunnlagd av Kempe Gowda i 1537. Bangalore høyrde til Mysorestaten under Britisk India, og var fødestaden til Tippu Sultan, «tigeren frå Mysore», som stod hardt imot britane.

Bangalore ligg rundt 950 moh., og har eit behageleg klima med relativt kjølige somrar (middeltemperatur rundt 34 °C) og milde vintrar (sjeldan under 16 °C). Byen ligg ved Kaverielva, som står for størstedelen av vasstilførselen hit. Den årlege nedbørsmengda på rundt 914 mm er ikkje tilstrekkeleg.

Byen har vegsamband til storbyane Mumbai og Chennai gjennom nord-sør-sambandet Varanasi-Kanniyakumari National Highway, og til Mysore og vidare til Kerala. Han har togsamband til Chennai og vidare til Vest- og Nord-India. Hindustan Airport ligg 8 km aust for byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljinga i 2011. Census of India; Provisional Population Totals Paper 2 of 2011 : India (Vol II), Cities having population 1 lakh and above (pdf-fil) Oppgjeven av Svensk Wikipedia (4 december 2011).
  • «Bangalore», Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011.
Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.