Bank- og pengesystem i Danmark-Noreg på 1700-talet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pengesetel på 10 riksdalar frå 1778

Bank- og pengesystem i Danmark-Noreg i perioden 1737-1814.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etablering av papirpengar[endre | endre wikiteksten]

Ved etableringa av Kurantbanken i 1737 starta Danmark-Noreg ein overgang til eit papirpengesystem. Systemet bygde på prinsippet om fraksjonsreserve der eigaren av ein pengesetel i papir hadde rett til å veksle denne inn i sølv. Pengemengden var regulert ved at banken ikkje kunne skrive ut fleire setlar enn det den vedtatte fraksjonen av sølvbasen tillét. Dette står i motsetning til eit moderne fiat-system der banken i prinsippet kan skrive ut uendeleg med pengesetlar. Kurantbanken hadde ein sterk tilknyting till kongen, men vart sett opp som ein privat eigd bank. Årsaka til at den var sett opp som ein privat bank kan ha vore å hindre pengepolitisk kaos basert på erfaringane med Baque Royale i Frankrike 20 år tidlegare[1].

Krigsfinansiering[endre | endre wikiteksten]

Pengesystemet utvikla seg i retning av eit fiat-system i 1756 då Danmark-Noreg trengte finansiering i forbinding med sjuårskrigen. Sjølv om Danmark-Noreg ikkje deltok i denne krigen hadde likevel den danske kongen store utgifter i forbinding med militær mobilisering langs den danske grensa i sør. Den danske kongen gjennomførte to viktige reformer som gjorde Kurantbanken i stand til å gi kongen låna han trengde. Retten til å veksle inn pengane i sølv vart oppheva samstundes som papirpengane vart gjort til tvungent betalingsmiddel.[2]. Kongen kunne då finansiere den militære mobiliseringa gjennom ein indirekte ex-post (frå latin og tyder «etter faktum») skatt i pengesystemet.

Statsmonopol[endre | endre wikiteksten]

Kongen sin kontroll over bank- og pengesystemet vart ytterlegare styrkt då staten tok over banken i 1773. I perioden mellom 1770 og 1785 vart pengemengda tredobla ved at banken gav rentefrie lån for å finansiere merkantilistiske initiativ i tillegg til å finansiere krig[3] , ei ordning den norske historikaren Francis Sejersted har kalla seddelmerkantilismen. Sejersted har argumentert for at denne politikken virka gunstig på norsk økonomi gjennom pengepolitisk stimulans, men denne påstanden står i kontrast til korleis det norske handelspatrisiatet si kritiske omtale av det dansk-norske pengesystemet.

Norsk misnøye med pengesystemet[endre | endre wikiteksten]

Eit moderne pengesystem er prega av fråvær av arbitrasje gjennom mekanismar som algoritmedrevne høg-frekvens-handlar. På 1700-talet kunne derimot pengane ofte ha ein lokal forhandlingsverdi som innebar at ulike geografiske marknadar hadde ulike oppfatningar om kor mykje pengane var verdt. Det fanst til og med ulike oppfatningar av kor mange ort og skilling ein riksdalar inneheldt[4]. Fordelane med eit uniformt pengesystem må derfor truleg ha vore langt mindre enn i dag.

Den norske handelsstanden hadde nære forbindingar til Storbritannia gjennom trelasteksport og observerte alternative pengesystem basert på fri banketabliering samstundes som den norske handelsstanden følte seg forfordelt i forhold til København i tildelinga av kreditt. Dermed oppstod krav om eigen bank i Christiania som også innebar krav om eigen lokal valuta. I 1776 skriv trelastpatriarken Bernt Anker i tidsskriftet Hermoder.

«Hvorfor skal […] ej hvert vigtigt exporterende Stæd i Staten have et forholdsmessig Penge-Institut? Ja hvorfor maa der ikke være private Bankierere ligesom i England»

Trass mangedobling av pengemengda var pengeverdien relativt stabil fram til 1807 då systemet starta å rakne av krigsskapt hyperinflasjon som skapte ytterlegare misnøye i Noreg.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

[1] Austnes, Martin, Utformingen av det nye Norges bank- og pengevesen, P.hd UIO 2014, side 64

[2] Austnes, Martin, Utformingen av det nye Norges bank- og pengevesen, P.hd UIO 2014, side 65

[3] Austnes, Martin, Utformingen av det nye Norges bank- og pengevesen, P.hd UIO 2014, side 64

[4] Ola Grytten, Historisk lønnsstatistikk1726-2004, in «Tilbakeblikk på norsk pengehistorie», Qvigstad (red.), Norges Bank, Bogstad gård 2005, side 62

Literatur[endre | endre wikiteksten]

  • Austnes, Martin (2014). Utformingen av det nye Norges bank- og pengevesen. UIO. 
  • Glasner, David (1998). «An Evolutionary Theory of the State Monopoly of Money». I Dowd, Kevin. Money and the Nation State. Oakland, CA, USA: The Independent Institute. 
  • Vevatne, Tor Inge (2015). An Inquiry into the Monetary System in Denmark-Norway between 1737 and 1814. Oslo: UIO. 
  • Feldbæk, Ole (1998). Nærhed og adskillelse 1720-1814. Universitetsforlaget. 
  • Grytten, Ola (2005). «Historisk lønnsstatistikk 1726-2004». I Qvigstad. Tilbakeblikk på norsk pengehistorie. Norges Bank, Bogstad gård. 
  • Austnes, Martin (2014). Utformingen av det nye Norges bank- og pengevesen. Oslo: Universitetet i Oslo. s. 64. 
  • Austnes, Martin (2014). Utformingen av det nye Norges bank- og pengevesen. Oslo: Universitetet i Oslo. s. 64. 
  • Austnes, Martin (2014). Utformingen av det nye Norges bank- og pengevesen. Oslo: Universitetet i Oslo. s. 64. 
  • Austnes, Martin (2014). Utformingen av det nye Norges bank- og pengevesen. Oslo: Universitetet i Oslo. s. 64.