Bankkrisa på 1990-talet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bankkrisa på 1990-talet var eit samanbrot i dei norske privatbankane som følgje av lågkonjunkturen frå 1988.

På 1980-talet vart den økonomiske politikken i Noreg deregulert, både innan bankvesen og bustadpolitikk. Politikken førte til sterk utlånsvekst. Den økonomiske depresjonen på slutten av 1980-talet førte til redusert lønsvekt, auka renter og fall i bustadprisane, noko som medførte at mykje folk ikkje greidde betale gjelda si.

I 1990 melde Fokus Bank om eit samla tap på 1,3 milliardar kroner, Kredittkassen om eit tap på 4,5 mrd. og Den norske Bank om eit tap på 5,2 mrd. Tapa vart dobbelt så store året etter, og like ille vart det i 1992. Sikringsfonda vart oppbrukte, eigenkapitalen vart tapt, og bankaksjane vart utan verdi. Folk tok pengar ut av bankane, og det vart fare for eit fullstendig samanbrot i det norske bankvesenet.

Staten greip då inn ved å bruke nær 25 mrd. kroner for å berge bankane. Staten kjøpte seg inn i dei største privatbankane, og overtok store aksjepostar både i Fokus Bank, Kredittkassen og Den norske Bank.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]