Den norske Bank

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Den norske Bank, med hovudkontor i Bergen og Oslo, var eit norsk finanskonsern som vart skipa i 1990 ved at Bergen Bank i Bergen og Den norske Creditbank i Oslo vart slege saman. I 2003 gjekk Den norske Bank og Gjensidige NOR ASA saman i selskapet DnB NOR, slik at Den norske Bank opphøyrde som eige selskap; DnB NOR endra namn til DNB i 2011.

Den norske Bank dreiv bank- og finansieringsverksemd, livsforsikring og fonds- og kapitalforvalting. Som fylgje av bankkrisa sist i 1980-åra vart aksjekapitalen i banken skrive ned i 1991 til så godt som inkje i samband med at staten måtte gå inn som storaksjonær for å redde banken. Selskapet Realkreditt, det største norske kredittføretaket på denne tida, vart samstundes slege saman med Den norske Bank. Seinare har statens eigarlut i banken vorte redusert til under 50 %.

Frå 1996 vart Vital Forsikring kjøpt opp av Den norske Bank, og i 1999 vart Postbanken overteken. I 2002 vart den globale kapitalforvaltninga i det svenske Skandia kjøpt for 3,2 milliardar svenske kroner.