Bardonecchia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bardonecchia
kommune
Bardonecchia01.JPG
Land Flag of Italy.svg Italia
Kart
Bardonecchia
45°4′42″ N 6°42′12″ E
Wikimedia Commons: Bardonecchia

Bardonecchia er ein kommune i storbyområdet Torino i Italia, og er den aller vestlegaste kommunen i heile landet. Kommunen har ei flatevidd på 132,3 km² og i kring 3 100 ibuarar.

Landsbyen Bardonecchia ligg 1312 meter over havet i Susadalen, om lag 90 kilometer vest om storbyen Torino. Kommunen er omgjeven av over 3 000 meter høge fjelltoppar, som mot vest, nord og sør dannar grense mot Frankrike. Kjeldene til elva Dora di Bardonecchia er vest i kommunen.

Landsbyen voks fram då jarnbanetunnelen Frejus vart bygt i åra 1857-71. Turismen og tollstasjonen gjev størst sysselsetjing for ibuarane i kommunen.

Snøbrett-tevlingane under Vinter-OL 2006 fann stad i Bardonecchia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Bardonecchia