Barnes Wallis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Barnes Wallis
Barnes Wallis (RNV).jpg
Fødd 26. september 1887
Ripley i Derbyshire
Død

30. oktober 1979
Leatherhead

Yrke ingeniør, oppfinnar, fysikar, luftfartsingeniør
Barnes Wallis på Commons
Wallis' grav ved St. Lawrence Church, Effingham, Surrey, biletet teke i 2013.

Barnes Wallis (Sir Barnes Neville Wallis) ((26. september 188730. oktober 1979) var ein engelsk vitenskapmann, ingeniør og oppfinnar. Han er best kjent for oppfinninga av hoppebomba som vart brukt av Royal Air Force i Operation Chastise (The Dambusters raid) for å angripa damanlegg i Ruhrdalen under andre verdskrig. Angrepet vart tema for filmen frå 1955, Dambusters der Wallis vart spelt av Michael Redgrave. Blant hans andre oppfinnelser er geodetisk flyskrog og earthquake bomb.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Barnes Wallis vart fødd i Ripley i Derbyshire og utdanna ved Christ's Hospital i Horsham. Han forlét skulen 17 år gamal i 1905 for å arbeida ved Thames Engineering Works i Blackheath, London. Han bytte etterkvart læretida sin til eit skipsverft på Isle of Wight. Han var opphavleg utdanna som skipsingeniør og tok ein PhD i ingeniørfag i 1922 ved University of London.[1]

Han forlét skipsverftet i 1913 då det meldre seg eit høve til å arbeida med konstruksjon av luftskip og seinare flykonstruksjonar. Han arbeidde for Vickers, seinare del av Vickers-Armstrong og etter det, del av British Aircraft Corporation fram til han pensjonerte seg i 1971.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Anderson, Tatum (16. mai 2007). «History lessons at the people's university». Guardian Weekly. Arkivert frå originalen 2007-05-24. 
  2. «Barnes Wallis» (PDF). Manitoba Military Aviation Museum. Arkivert frå originalen (PDF) 2014-08-10. 
Hoppebomba i aksjon