Barnesete

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barnesete som snur attover.

Barnesete er eit sete tilpassa born som skal transporterast i ei fargreie. Dei skal verna borna ved bråstopp og kollisjon, og elles sikra at dei sit godt i fargreia. Slike sete er vanlege i bil og til sykkel, men ein kan også ha barnesete i fly,[1] buss[2] og hestekjerre.[3]

For bilsete for barn finst det fleire utformingar, og det er utvikla ulike standardar. Seta kan anten festast med setebelte eller med eit standardisert spesialfeste kalla «ISO-fix».[4]

For små born er det rekna som best å plassera barnesetet mot køyreretninga, ettersom hovuda deira er svært tunge i høve til resten av kroppen, og derfor har mindre risiko for skade om dei sitt attovervendt.[4]

Barnesete kan plasserast i baksetet, eller i framsetet dersom dette er trygt, til dømes utan verksam kollisjonspute, og ikkje er til hinder for sikta til føraren.[5] Attovervende barnesete kan nyttast fram til borna er 125 cm høge.[6] Framovervendte beltestolar kan nyttast fram til dei er 150 cm høge.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Barneseter». norwegian.no. Henta 18. november 2023. 
  2. «Barn i buss», Trygg Trafikk (på norsk bokmål), henta 18. november 2023 
  3. «OMNIA - Child seat for horse-drawn carriage», www.omnia.ie, henta 18. november 2023 
  4. 4,0 4,1 Pedersen, Janne, «Våre tips til kjøp av barnestol | NAF», nye.naf.no (på norsk bokmål), henta 18. november 2023 
  5. «Sikring av barn i bil», Trygg Trafikk (på norsk bokmål), henta 18. november 2023 
  6. «Sikring av barn i bil», Trygg Trafikk (på norsk bokmål), henta 18. november 2023 
  7. «Barn 5-12 år i bil», Trygg Trafikk (på norsk bokmål), henta 18. november 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]