Barograf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tredags-barograf.
Barogram av eit kraftig uvêr i Nord-Tyskland i 2005

Ein barograf er eit barometer for å registrere lufttrykk som ein funksjon av tida. Tradisjonelt er det eit aneoridbarometer som styrer ein skrivestift som teiknar ei kurve for lufttrykket på eit barogram, eit rutepapir som er festa til ein langsamt roterande trommel. I dag nyttar ein helst elektroniske trykkfølarar og dataoppsamling som syner registreringane på ein dataskjerm med både sanntidsmålingar, barogram og meir.

Barografen vart funnen opp at franskmannen Lucien Vidie (1805–1866) i 1843.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Barograf

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Barograf» i Store norske leksikon, snl.no.