Tid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sand i eit timeglas kan nyttast til å halde styr på gått tid. Konkret representerer det notid mellom fortid og framtid.

Tid er den fjerde dimensjonen og intervallet mellom to hendingar. Ein kan seie at ei hending skjer etter ei anna hending. Vidare kan ein måle kor mykje det er mellom to hendingar. Svaret på kor mykje er mengda med tid mellom dei to hendingane. Ein måte å definere omgrepet «etter» er basert på trua på kausalitet. Menneska sitt forsøk på å auke forståinga og å måle tid gjennom å utvikle kalenderar og klokker, har vore ei stor drivkraft på vitskapelege oppdagingar.

Nokre enkle, relativt enkle definsjonar på tid er mellom anna «tid er det klokka målar» og «tid er det som hindrar alt frå å skje samstundes».[1][2]

To motståande synspunkt på tid deler mange filosofar. Eit syne r at tid er ein fundamental struktur i universet - ein dimensjon som er sjølvstendig frå hendingar, der hendingar skjer i rekkjefølgje. Isaac Newton støtta dette realistiske synet og det vert derfor stundom kalla newtonsk tid.[3][4] Det motsette syner er at tid ikkje referer til noko form for «behaldar» som hendingar og lekamar «flyttar seg gjennom», heller ikkje noko som «flyt», men som i staden er ein del av ein fundamental, intellektuell struktur (i lag med rom og tal) der menneske sekvenserer og samanliknar hendingar. Dette andre syner, som vart støtta av Gottfried Leibniz[5] og Immanuel Kant,[6][7] meiner at tid ikkje er ei hending eller ein ting, og derfor ikkje i seg sjølv målbart og kan heller ikkje forflytte seg.

Tid er ein av sju fundamentale fysiske storleikar i både SI-systemet og ISQ-systemet. Tid vert nytta til å definere andre storleikar, som snøggleik, så ein definsjon av tid i form av slike storleikar, ville ha ført tile in sirkeldefinisjon.[8]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cummings, Raymond King (1922). The Girl in the Golden Atom. U of Nebraska Press. s. 46. ISBN 978-0-8032-6457-1. Arkivert frå originalen.. http://books.google.com/?id=tA647bGiWwsC&pg=PA46&lpg=PA46&dq=%22keeps+everything%22#v=onepage&q=%22keeps%20everything%22. Henta 12. juli 2016. 
  2. International, Rotary (Aug 1973). «The Rotarian». Published by Rotary International: 47. ISSN 0035-838X. Henta 12. juli 2016. , What does a man possess? page 47
  3. Rynasiewicz, Robert : Johns Hopkins University (12. august 2004). «Newton's Views on Space, Time, and Motion». Stanford Encyclopedia of Philosophy. Stanford University. http://plato.stanford.edu/entries/newton-stm/. Henta 12. juli 2016. 
  4. Markosian, Ned. «Time». i Edward N. Zalta. The Stanford Encyclopedia of Philosophy (Winter 2002 Edition). http://plato.stanford.edu/entries/time/#3. Henta 12. juli 2016. 
  5. Burnham, Douglas : Staffordshire University (2006). «Gottfried Wilhelm Leibniz (1646–1716) Metaphysics – 7. Space, Time, and Indiscernibles». The Internet Encyclopedia of Philosophy. http://www.iep.utm.edu/leib-met/#H7. Henta 12. juli 2016. 
  6. Mattey, G. J. : UC Davis (22. januar 1997). «Critique of Pure Reason, Lecture notes: Philosophy 1,5 UC Davis». http://www-philosophy.ucdavis.edu/mattey/kant/TIMELEC.HTM. Henta 12. juli 2016. 
  7. McCormick, Matt : California State University, Sacramento (2006). «Immanuel Kant (1724–1804) Metaphysics: 4. Kant's Transcendental Idealism». The Internet Encyclopedia of Philosophy. http://www.iep.utm.edu/kantmeta/#H4. Henta 12. juli 2016. 
  8. Duff, Okun, Veneziano, ibid. s. 3. "There is no well established terminology for the fundamental constants of Nature. … The absence of accurately defined terms or the uses (i.e., actually misuses) of ill-defined terms lead to confusion and proliferation of wrong statements."


Måleiningar for tid
mikrosekund << millisekund << sekund << minutt << kvarter << time << dag << døgn<< veke << månad << kvartal << år << tiår