Barrel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Barrel er ei tønne eller eit kar laga av trestavar, no òg metallfat. Barrel vert nytta som eining for volum i engelsktalande land og var opphavleg ligg 32 gallon.

I Storbritannia er sidan 1824 1 barrel (dry), lik 36 imperial gallon = 163,66 liter og vert nytta for tørre varer (korn) og for øl. Etter innføringa av SI-systemet i 1965, skal ikkje eininga lenger nyttast.

I USA er 1 barrel mineralolje lik 42 US gallon = 158,987 liter, som er det same som eitt norsk fat. For andre væsker vert barrel nytta som 31,5 US gallon eller 119,24 liter. For frukt og andre tørre varer vert 1 barrel rekna som 115,6 liter, bortsett frå for tranebær der 1 barrel skal vere 95,5 liter.

Barrel vert særskild nytta i tollvesenet som har regler for omrekning frå pound (lb) til barrel basert på massen av varen som fyller eit målekar på éin barrel, og derfor forskjellig for kvar varesort. Til dømes er éin barrel lik 200 lb for fisk og kjøt og 376 lb for sement.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]