Barytonsaksofon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Barytonsaksofon

Barytonsaksofon er den største og djupast stemde av dei fire vanlegaste saksofonane, sopran-, alt- og tenor. Barytonsaksofonen er stemd i ess, og vert transponert opp ein stor sekst pluss ein oktav. Ein vanleg barytonsaksofon veg rundt fem kilogram og krev langt større lungekapasitet enn dei mindre saksofonane. Barytonsaksofonen skil seg frå dei øvrige saksofonane (med unntak av ess kontrabassaksofon) ved at registeret går ned til låg A, i staden for låg B (vesle B). Dette gjev barytonsaksofonen same register som celloen, låg A tilsvarar ein liten C i natura. Eldre modellar av barytonsaksofonen når som regel berre låg B. Desse er mest brukt av solistar, særleg innanfor jazz.

Frå oppfinnaren Adolphe Sax si side vart det òg konstruert ein modell røysta i F meint for bruk i symfoniorkester, men denne er i dag utbreidd i liten eller ingen grad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]