Bayerische Voralpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bischof sett frå Krottenkopf, det høgaste fjellet i Bayerische Voralpen

Bayerische Voralpen er ei fjellkjede i Dei nordlege kalksteinsalpane i Dei austlege Alpane i Tyskland. Ho stig opp frå dei bayerske slettene mellom elvane Loisach i vest og Inn i aust. Ein liten del av Bayerische Voralpen ligg i Tyrol i Austerrike

Fjellkjeda må ikkje forvekslast med Dei bayerske Alpane, som dekkjer store delar av dei nordlege Alpane.

Bortsett frå fjella lengst vest, er det ingen fjell over 2 000 meter i fjellkjeda, og ein finn berre få kalksteinsfjellveggar. Det høgaste fjellet er Krottenkopf på 2 086 meter over havet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]