Bechamoun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°46′55″N 35°31′52″E
Bchamoun
بشامون
landsby
Bchamoun skyline.jpg
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Aley distrikt
Koordinatar 33°46′55″N 35°31′52″E
Folketal 15 000
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Bechamoun

Bchamoun er ein landsby i Aley distrikt i Libanonfjella guvernement i Libanon. Han ligg frå 40 til 580 meter over havet, 12 km frå flyplassen og Beirut. Bechamoun har kring 15 000 innbyggjarar.

Han var den første landsbyen som heiste det libanesiske flagget etter sjølvstendet til Libanon.

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Det vart oppdaga ein arkeologisk funnstad 6 km aust for Khalde av V. Hankey i 1963. Det vart funne fleire potteskår attende til tidleg bronsealder av Maurice Dunand. Av keramikk vart det funne eit skår av ein sylinder med mønster av marsjering, geiter og løver som minna om figurar sett Byblos, Megiddo] og andre palestinske og syriske stader frå tidleg bronsealder. Liknande funn vart oppdaga ved Jaita I, Kaffer Jarra Roueisse, Nahr Damour, Aramoun og Khallet-el-Khazen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lorraine Copeland; P. Wescombe (1965). Inventory of Stone-Age sites i Libanon, p. 72. Imprimerie Catholique. Henta 21. juli 2011.