Byblos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 34°07′25″N 35°39′04″E
Byblos
by
ByblosPort.jpg
Byblos hamn
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Jbeil distrikt
Koordinatar 34°07′25″N 35°39′04″E
Areal km²
 - storbyområde 17 km²
Folketal 40 000
 - storby 100 000
Folketettleik 8 000 / km²
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Verdsarvstad
År 1984 (#8)
Region Arabarstatane
Kriterium iii, iv, vi
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Byblos

Byblos (arabisk جبيل, Jubayl) er ein by ved Middelhavet i Libanonfjella guvernement i Libanon. Ein trur at han vart først busett mellom 8800 og 7000 fvt.,[1] og i følgje fragment skrivne av den delvis legendariske fønikiske historikaren Sanchuniathon frå før Trojanarkrigen, vart han bygd av Kronos som den første byen i Fønikia.[2] I dag trur ein at han er den eldste kontinuerleg busette byen i verda. Han er ein verdsarvstad.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Den gamle marknaden i Byblos.
Gamlebyen i Byblos
Byblos
Terrakottakrukke frå Byblos (no i Louvre), frå sein bronsealderen (1600–1200 fvt.)
Strandvolleyball i Byblos.

Byblos var ein kanaanittisk by kalla Gubal i bronsealderen, då han òg vart omtalt som Gubla i Amarnabreva. I jernalderen vart byen kalla Gebal på fønikisk og finst i den hebraiske Bibelen omtalt som Geval (hebraisk גבל). Han vart seinare kalla Gibelet under krosstoga. Det kanaanittiske/fønikiske namnet (GBL, t.d. Gubal, Gebal, etc.) kan kome frå gb, som tyder «brunn» eller «opphav», og El, namnet på den øvste guden i Byblos sitt panteon.[3] I dag vert byen kalla ved det arabiske namnet sitt Jubayl eller Jbeil (جبيل), som kjem direkte frå det kannanittiske namnet.

Namnet Byblos er gresk (gresk Βύβλος). Papyrus fekk det tidlege greske namnet sitt (byblos, byblinos) fordi det vart eksportert til Egearhavet gjennom Byblos, og dei greske orda biblion, fleirtal biblia, og til slutt ordet «Bibel» («papyrusboka») kjem av same namnet.[4][5]

Historie og arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Byblos ligg kring 41 km nord for Beirut. Mange arkeologar kjem her på grunn av dei mange laga med avfalla som har kome av hundrevis av år med menneskeleg busetnad. Dei første utgravingane vart gjort av Pierre Montet frå 1921 til 1924, etterfølgd av Maurice Dunand frå 1925 over ein periode på førti år.[6][7]

Staden verkar å ha blitt busett kring perioden før-keramisk neolittisk B, kring 8800 til 7000 fvt.[1][8] og det er gjort funn frå bygningar frå yngre steinalder. I følgje forfattaren Filo av Byblos (som sisterte Sanchuniathon, og som er sitert av Eusebius), hadde Byblos rykte på seg for å vere den eldste byen i verda, grunnlagd av Kronos. På 2000-talet fvt. kom dei første teikna på ein by til syne, med restar av velbygde hus med eins storleik. Det var i denne perioden at den kanaanittiske sivilisasjonen utvikla seg.

Yngre steinalder og kalkolittiske nivå[endre | endre wikiteksten]

Jacques Cauvin publiserte studiar av flintreiskapar frå dei lagdelte stadane frå dei neolittiske og kalkolittiske stadane i 1962.[9] Leiviningar av menneske funnen i kalkolittisk graver vart publisert av H.V. Vallois i 1937.[10] Graver frå denne tida vart diskutert av Emir M. Chehab i 1950.[11] Tidleg keramikk funnen ved ein tell, vart publisert av E.S. Boynton i 1960 med vidare studiar av R. Erich i 1954 og Van Liere og Henri de Contenson i 1964.[12][13][14]

Egyptisk kontakt[endre | endre wikiteksten]

Watson Mills og Roger Bullard indikerer at under Det gamle riket, var Byblos i røynda ein egyptisk koloni.[6] Den blømande byen var tydelegvis ein velstaånde by og verkar å ha vore ein alliert av Egypt i mange hundreår. Graver frå Det første dynastiet nytta tømmer frå Byblos. Eit av dei eldste egyptiske orda for ein havgåande båt var «Byblos-skip». Arkeologar har funne fleire egyptiske lekamar som eit ilåt med namnet til Khasekhemwy, som var ein herskar frå Det andre dynastiet, sjølv om dette kan ha kome til Byblos via handel og/eller i ei seinare tid.[15] Ein har funne lekamar i Byblos med namnet til den egyptiske kongen Neferhotep I frå det 13. dynastiet, og herskarar frå Byblos hadde næra band til faraoane i Det nye kongedømet i det gamle Egypt.

Kring 1350 fvt. vart Amarnabreva, inkludert 60 brev frå Rib-Hadda og etterkomaren hans Ili-Rapih, som herska over Byblos, skrive til dei egyptiske styresmaktene. Dette var hovudsakleg ei konstant bøn frå Rib-Hadda om militærstøtte frå Akhenaten. Dei handlar òg om erobringa av nabobystatane av Hapiru.

Det verkar som den egyptiske kontakten nådde eit høgdepunkt under det 19. dynastiet, men minka under det 20. og 21. dynastia. Sjølv om dei arkeologiske funna indikerer ein kort oppgang igjen under det 22. og 23. dynastia, er det klårt at etter tredje mellomepoke så byrja egyptarane å føretrekke Tyr og Sidon i staden for Byblos.[16]

Arkeologiske funn ved Byblos, daterte til kring 1200 fvt., syner tekst med fønikisk alfabet med 22 bokstavar. Eit døme er skrifta på sarkofagen til kong Ahiram. Bruken av alfabetet vart spreidd av fønikiske kjøpmenn gjennom sjøhandelen til delar av Nord-Afrika og Europa. Eit av dei viktigaste monumenta frå denne perioden er tempelet til Resheph, ein kanaanittisk krigsgud, men dette hadde falle i ruinar i tida til Aleksander den store.

Mellomalderkyrkja St. Johannes i Byblos.
Tradisjonelt libanesisk hus oppom Middelhavet i Byblos.

Austlege imperium[endre | endre wikiteksten]

I den assyriske tida, vart Sibittibaal av Byblos ein vasall under Tiglath-pileser III i 738 fvt., og i 701 fvt., då Sennacherib erobra heile Fønikia, var kongen av Byblos Urumilki. Byblos var òg underlagd dei assyriske kongane Esarhaddon (r. 681–669 fvt.) og Ashurbanipal (r. 668–627 fvt.), under sine eigne kongar Milkiasaph og Yehawmelek.

I persartida (538–332 fvt.), var Byblos den fjerde av fire fønikiske vasallkongedøme oppretta av persarane; dei første tre var Sidon, Tyr og Arwad.

Vestlege imperium[endre | endre wikiteksten]

Det hellenistiske styret kom med Aleksander den store til området i 332 fvt. Myntar var i bruk og det finst mange bevis på vedvarande handel med andre land kring Middelhavet.

Under den gresk-romerske tida, vart tempelet til Resheph utførleg bygd opp att, og byen, som sjølv om han var mindre enn nabobyane Tyr og Sidon, var eit senter for kulten kring Adonis. På 200-talet vart det bygde eit lite, men imponerande teater. Då kristendom kom til området, vart det oppretta eit bispesete i Byblos, og byen voks raskt. Sjølv om det vart oppretta ein persisk koloni i regionen etter den muslimske erobringa i 636, er det få arkeologiske bevis for dette. Handelen med Europa forsvann, og det var først med det første krosstoget i 1098 at velstanden kom attende til Byblos, som då vart kalla Giblet.

Byblos, under namnet Gibelet eller Giblet, var ein viktig militærbase for krossfarar-kongedømet Jerusalem på 1000- og 1100-talet, styrt av Embriaco-familien, og restane av krossfararborga er av dei mest imponerande byggverka i sentrum av byen i dag. Byen vart erobra av Saladin i 1187, og så teken attende av krossfararane, før han på ny vart erobra av Baibars i 1266. Festningsverka vart så bygd opp att. Frå 1516 til 1918 var byen og heile regionen ein del av Det osmanske riket. Byblos og heile Libanon vart plassert under Det franske mandatet frå 1920 til 1943, då Libanon vart sjølvstendig.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Byblos har vorte eit senter for meir eksklusiv turisme.[17] Med den gamle hamna, ruinane frå fønikisk, romersk og krossfarartida, sandstrendene og dei vakre fjella kring byen, er han eit ideelt turistmål. Byen er kjend for fiskerestaurantane, friluftsbarane og utandørskafeane. Yachtar kjem til hamna kvar dag, slik dei gjorde i 60- og 70-åra, då Marlon Brando og Frank Sinatra ofte vitja byen.[17]

Gamlebyen i Byblos.

Trugslar for Byblos[endre | endre wikiteksten]

Libanonkrigen i 2006 råka byen ved at hamna og bymurane vart tilgrist med oljesøl.[18]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Byblos er venskapsby med:

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 E. J. Peltenburg; Alexander Wasse; Council for British Research in the Levant (2004). Garfinkel, Yosef., «Néolithique» and «Énéolithique» Byblos in Southern Levantine Context* in neolithic revolution: new perspectives on southwest Asia in light of recent discoveries on Cyprus. Oxbow Books. ISBN 978-1-84217-132-5. Henta 18. september 2014. 
  2. The Theology Of The Phœnicians: From Sanchoniatho
  3. Je m'appelle Byblos,Jean-Pierre Thiollet, H & D, 2005, 17-19. ISBN 2 914 266 04 9
  4. Brake, Donald L. (2008). A visible history of the English Bible: the tumultuous tale of the world's bestselling book. Grand Rapids, MI: Baker Books. s. 29. ISBN 978-0-8010-1316-4. 
  5. «Byblos (ancient city, Lebanon) – Britannica Online Encyclopedia». Britannica.com. Henta 18. september 2014. 
  6. 6,0 6,1 Watson E. Mills; Roger Aubrey Bullard (1990). Mercer dictionary of the Bible. Mercer University Press. s. 124–. ISBN 978-0-86554-373-7. Henta 18. september 2014. 
  7. Moore, A.M.T. (1978). The neolithic of the Levant. Oxford University, Unpublished Ph.D. Thesis. s. 329–339. 
  8. Vogel, J.C. Waterbolk, H.T., Groningen Radiocarbon Dates X, Radiocarbon, 14, 6–110 / 105, 1972.
  9. Cauvin, Jacques., Les industries lithiques du tell de Byblos (Liban), L'Anthropologie, vol. 66, 5–6, 1962.
  10. Vallois, H.V., Note sur les ossements humains de la nécropole énéolithique de Byblos (avec 2 planches). Bulletin du musée de Beyrouth. Tome I, 1937. Beyrouth, in 4° br., 1 f.n.c., 104 pages, 7 planches hors-texte.
  11. Chehab, Emir M., Tombes des chefs d'époque énéolithique trouvés à Byblos, Bulletin du Musée de Beyrouth. Tome IX, 1949–1950, Beyrouth, in-4° br., 117 pages et 9 pages de texte arabe, 14 planches hors-texte et 1 carte dépliante.
  12. Boynton, E.S., The Ceramic Industry of Lebanon in ancient times. 1960.
  13. Erich, R., Relative chronologies in Old World Archeology, Chicago, 1954.
  14. Van Liere, W. and Contenson, Henri de, «Holocene Environment and Early Settlement i Levanten», Annales archéologiques de Syrie, volume 14, s. 125–128, 1964.
  15. Wilkinson, Toby, 1999, Early Dynastic Egypt p.78.
  16. Shaw, Ian: «The Oxford Historie of Ancient Egypt», page 321. Oxford University Press, 2000. ISBN 978-0-19-280458-7
  17. 17,0 17,1 Beehner, Lionel (2010-01-03). «Byblos, Libanon's Ancient Port, Is Reborn». The New York Times. Henta 18. september 2014. 
  18. Dr. Lina G. Tahan. «ICOMOS Heritage at Risk 2006/2007» (PDF). ICOMOS. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Byblos

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Byblos frå Wikivoyage