Becker County

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landskap i Becker County

Becker County er eit fylke vest i den USA-amerikanske delstaten Minnesota. Fylket dekker eit flatemål på 3 740 km². I kring 35 000 menneske bur i Becker. Fylkesadministrasjonen held til i byen Detroit Lakes.

Fylket vart grunnlagt i 1858 og organisert i 1871. Ved folketeljinga 2000 vart 32,2 % av ibuarane registrert som tyskætta og 26,0 % som norskætta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]