Minnesota

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Minnesota
delstat
flagg
våpen
Land Flag of the United States.svg USA
Hovudstad Saint Paul
Areal 225 170 km²
 - land 206 189 km²
 - vatn 18 981 km²
Folketal 5 576 606 (2017)
Folketettleik 27 / km²
Guvernør Mark Dayton
Før innlemming Minnesota-territoriet
Innlemma i USA 11. mai 1858
Statsnummer 32.
Forkorting MN
Minnesota in United States.svg
Wikimedia Commons: Minnesota
Nettstad: mn.gov

Minnesota er ein delstat i USA. Hovudstaden er Saint Paul. Minnesota er den 32. delstaten i Sambandsstatane (USA), og vart ein del av USA den 11. mai 1858. Namnet kjem av dakota-indianarane sitt namn på Minnesotaelva, mini sota. Namnet kan omsetjast med «røyk-kvitt vatn» eller «skyfarga (himmelblått) vatn.» Minnesota kan verta forkorta til MN eller Minn.

Minnesota er den største staten etter flatevidd i midtvesten i USA. Staten ligg i regionen øvre midtvesten. (Upper Midwest). Det mest bymessige området er kjend som tvillingbyane. I tvillingbyane Minneapolis og Saint Paul, bur kring halvdelen av innbyggjarane i Minnesota. Duluth er ein viktig hamneby. Staten omfattar områda vest for Lake Superior og øvre del av Mississippielva

I staten er det mykje landbruk og matproduksjon. Det finst mange naturressursar. Mange av innbyggjarane i staten stammar frå nordiske innvandrarar.

Eit kallenamn på staten er «Gopher State» ('jordekorn/kinnposerottestaten', etter ein vitseteikning frå 1858). Andre kallenamn er Land of 10 000 Lakes ('landet med 10 000 innsjøar') og North Star State ('nordstjernestaten').[1]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Før europeisk kolonisering budde det ulike indianarstammer i området. Ojibweane (chippewa, anishinaabe) og dakotaene budde over store delar. Winnebagoane budde til dels i søraust.

Etter lokal tradisjon var vikingar dei fyrste europearane som kom til området på 1300-talet. Desse skal ha kome frå Sverige og Noreg. Teoriane er basert på funnet av runesteinen Kensington-runesteinen. Mange meiner at runesteinen ikkje er så gamal, eller at han er ei forfalsking.

Første busetnad av europearar kan ha vore i området ved den seinare byen Stillwater, ved St. Croix-elva. Andre fokuserer på busetnaden kring Fort Snelling, der Minnesotaelva og Mississippielva flyt saman. Fortet var den tidlegaste stasjoneringa av militært mannskap frå USA i området. Fortet er seinare vorte eit historisk minnesmerke.

Inn i Sambandsstatane[endre | endre wikiteksten]

Mestedelen av delstaten vart kjøpt av USA frå Frankrike i 1803 som del av Louisiana Purchase (kjøpet av det franske territoriet Louisiana, eit mykje større område enn delstaten Louisiana). Delar av området var rekna å vera i Northwest Territory (nordvest-territoriet).

Minnesota-territoriet (Minnesota Territory) vart skild ut frå Iowa Territory (Iowa-territoriet) den 3. mars 1849. Landområdet var ikkje lik den noverande staten, det inkuderte Dakota-territoriet. Seinare vart Dakota-territoriet til delstatane Nord-Dakota og Sør-Dakota. Den austlege delen av Minnesota-territoriet vart den 32. staten i USA den 11. mai 1858.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Stereotypiske innbyggjarar av Minnesota (Minnesotans) er kjend for å ha ymse særkjennemerke. Nokre kjennemerke er sagt å vera lutheranisme, «hot dishlutefisketing, veldig nære familieband og familiekjensle, ei sterk samfunnskjensle og ei kjensle av å høyra saman med andre frå heile staten. Etter som det har kome tilflytting frå andre delar av USA er denne kulturen vorte utvatna. Det har òg kome fleire innvandrarar som stammar frå Afrika og Sør-Amerika.

Minneapolis i Minnesota

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]