Belaja ved Kama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre elvar med same namn, sjå Belaja
Belaja
elv
none
Land Flag of Russia.svg Russland
Kjelde Iremel
Munning Kama
Lengd 1 430 km km
Nedslagsfelt 142 000 km² km²
Vassføring
 - middel 858 m³/s (nær Birsk/s
Wikimedia Commons: Belaya River

Belaja eller Aghidehel (russisk Белая, baskirsk Ағиҙел, tatarsk Агыйдел) er ei elv i Basjkortostan i Russland og ei av sideelvane til Kama frå venstre i nedslagsfeltet til Volga.

Ho har kjelda si i dei sørvestlege Uralfjella og har ei lengd på 1430 km. Det tyrkiske namnet på elva tyder Den kvite Volga og det russiske namnet tyder berre Den kvite elva.

Elva frys til mot slutten av november og vert isfri att i midten av april. 656 km av elva, opp til Tabynsk, kan nyttast til vasstransport. Det er bygd tre vasskraftverk langs elva.

Dei største sideelvane hennar er Nugusj, Sim, Ufa, Bir og Tanyp frå høgre og Asjkadar, Ursjak, Djoma, Karmasan, Tsjermasan, Baza og Siun frå venstre.

Av byar langs Belaja finn ein Beloretsk, Sterlitamak, Ufa og Birsk. Belaja munnar ut i Kama nær Neftekamsk.

Belaja er ein av dei mest populære elvane i Ural for rafting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]