Basjkirsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Basjkirsk språk)
Basjkirsk
Башҡорт теле
Klassifisering tyrkiske språk
vesttyrkiske språk
Bruk
Tala i Basjkortostan, andre stader i Russland, Kasakhstan, Usbekistan
Område Basjkortostan
Basjkirsktalande i alt 1 152 000 (2010)
Rangering ikkje blant dei 100 største
Skriftsystem kyrillisk
frå 2010 latinsk alfabet
Offisiell status
Offisielt språk i Basjkortostan
Språkkodar
ISO 639-1 ba
ISO 639-2 bak
ISO 639-3 bak
Wikipedia på basjkirsk

Basjkirsk er eit språk i den tyrkisk språkfamilien. Det er i svært nær slekt med tatarsk, og det er dei som meiner det er ein tatarsk dialekt. Dei fleste talarane av basjkirsk bur i Basjkortostan og andre stader i Volga-Uralområdet: I Tatarstan, Udmurtia, Mari El, Tsjeljabinsk oblast, Orenburg oblast, Sverdlovsk oblast og Kurgan oblast, og i Perm kraj. Det finst også små basjkirske minoritetar i Kasakhstan (41 847) og Usbekistan (34 771). Ved folketeljinga i 2010 var det 1 152 000 menneske som snakka basjkirsk i Russland.[1] Tilsvarande tal frå 1989 var i Sovjetunionen 1 047 000 basjkirspråklege menneske. I tillegg var det då 26 737 som oppgav basjkirsk som andrespråk, og omtrent 300 000 basjkirar som oppgav tatarsk som førstespråk.

Alfabet[endre | endre wikiteksten]

Basjkirane brukte tatarsk, skrive med det arabiske alfabetet som skriftspråk fram til 1923, då vart det, som resultat av oktoberrevolusjonen, skapt eit baskirsk skriftspråk. Det vart i byrjinga skrive med det arabiske alfabetet, men i 1930 gjekk dei over til det latinske alfabetet, som vart erstatta med det kyrilliske alfabetet i 1938. Det basjkirske alfabetet består av det grunnleggjande kyrilliske alfabetet, med desse ni tilleggsbokstavane: (Ә ә Ө ө Ү ү Ғ ғ Ҡ ҡ Ң ң Ҙ ҙ Ҫ ҫ Һ һ.). Etter at Sovjetunionen fall saman er det utvikla eit nytt latinsk alfabet for basjkirsk, og Basjkortostan vedtok i 2002 at dette nye alfabetet skulle erstatte det kyrilliske i 2010.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vserossijskaja perepis naselenija 2010» Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Finsk wikipedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.