Belastning i fysikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Belastning i fysikk vert nytta i fleire samanhengar, til dømes om den elektriske effekten som ein maskin eller eit apparat trekker frå ei straumkjelde (lysnett, likerettar, forsterkar) og om mekanisk effekt som vert levert frå ein forbrenningsmotor, elektromotor og liknande.

Forholdet mellom levert effekt og nominell maksimal effekt vert kalla belastningsgrad og vert nytta i samband med halv belastning, overbelastning osv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]