Forbrenningsmotor

Ein forbrenningsmotor er ei varmekraftmaskin som omsett kjemisk energi i drivstoff til mekanisk arbeid ved hjelp av kontrollert forbrenning.
Klassifisering
[endre | endre wikiteksten]
Det finst mange ulike forbrenningsmotorar, som kan klassifiserast på ulike måtar. Ei vanleg klassifisering er å dela dei inn i to hovudgrupper: motorar med utvendig forbrenning og motorar med innvendig forbrenning. Desse to hovudgruppene kan så klassifiserast vidare, som til dømes:
- Motorar med utvendig forbrenning
- Open krins
- Lukka krins
- Motorar med innvendig forbrenning
- Motorar med periodisk forbrenning
- Motorar med kontinuerleg forbrenning
For å letta oversyner er finare klassifiseringar plassert i underartiklane som handlar om dei ulike motortypane.
Historisk oversyn
[endre | endre wikiteksten]Det historiske oversynet under er stort sett berre ei opplisting av datoar, som er meint å gje eit raskt oversyn over dei ulike oppfinningane og utviklinga innan forbrenningsmotorteknologi. Artiklane som handlar om dei ulike motortypane har meir utfyllande stoff om soga til motorane dei handlar om.
| År | Utvendig forbrenning | Innvendig forbrenning | Oppfinning | ||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Open krins (damp) | Lukka krins | Trykk | Reaksjon | ||||
| Stempel | Reaksjon | Lukka | Stempel | Turbin/jet | Rakett | ||
| 50 | Reaksjon | Heron av Alexandria eksperimenterte med ein roterande dampjetmotor, kjent som Eolipile | |||||
| 1206 | Stempel | Al-Jazari fann opp ei dobbeltverkande stempelpumpe med veivaksel og råde | |||||
| 1232 | Rakett | Kinesarane nytta krutrakettar for å forsvara seg mot mongolske åtak | |||||
| 1241 | Rakett | Mongolane nytta rakettar (som kinesiske vitskapsmenn hadde laga for dei) mot ungarane under åtaket på Sejo | |||||
| 1243 | Rakett | Det osmanske riket fekk tilgang på rakettar (truleg frå mongolane) | |||||
| 1258 | Rakett | Mongolane nytta rakettar under åtaket på Bagdad | |||||
| 1268 | Rakett | Arabarane nytta rakettar for å forsvara seg mot franske åtak | |||||
| 1509 | Reaksjon | Taqi al-Din beskreiv eit dampdrive grillspyd[1] | |||||
| 1551 | Stempel | Leonardo da Vinci foreslo ein forbrenningsmotor (utan kompresjon) | |||||
| 1609 | Stempel | Giambattista della Porta eksperimenterte med ei dampdriven vasspumpe | |||||
| 1615 | Stempel | Salomon de Caus publiserte eit vitskapeleg verk[2] der han mellom anna tok for seg ekspansjon og kondensasjon av damp | |||||
| 1629 | Reaksjon | Giovanni Branca beskreiv ein dampturbin[3] | |||||
| 1633 | Rakett | Lagari Hasan Çelebi nytta ein krutrakett for å flyga over Bosporos. Han var utstyrt med venger og landa ved glideflukt. Ferda tok rundt 300 sekund og maksimalhøgda vart vurdert til om lag 300 m | |||||
| 1663 | Stempel | Edward Somerset eksperimenterte med ei dampdriven vasspumpe | |||||
| 1673 | Stempel (atm. tr.) | Abbé Hautefeuille foreslo ein forbrenningsmotor som nytta krut som drivstoff, for å pumpa vatn. Prinsippet var å nytta atmosfæretrykket til å lyfta vatnet ved at det oppstod undertrykk i sylinderen når gassen vart avkjølt etter eksplosjonen [4] | |||||
| 1678 | Stempel (atm. tr.) | Christiaan Huygens eksperimenterte med ein krutdriven undertrykkstempelmotor. I fylgje [4] fekk Huygens motoren til å fungera og demonstrerte han i 1680 | |||||
| 1678 | Stempel | John Trust utførte eksperiment som bygde på arbeidet til Edward Somerset | |||||
| 1690 | Stempel | Denis Papin eksperimenterte med ein dampsylinder. | |||||
| 1698 | Thomas Savery bygde ei dampdriven vasspumpe, utan stempel, for å pumpe vatn ut av gruver | ||||||
| 1600-talet | Stempel (atm. tr.) | Samuel Morland eksperimenterte med å nytta krut for å generera undertrykk for å lyfta vatn | |||||
| 1712 | Stempel | Thomas Newcomen bygde ei dampdriven vasspumpe med stempel og sylinder for å pumpe vatn ut av ei gruve | |||||
| 1763 | Stempel | James Watt laga ein forbetra verson av dampmaskina til Newcomen | |||||
| 1769 | Stempel | James Watt fekk patent på ein kondensator, som førte til at dampmaskinane vert meir effektive | |||||
| 1771 | Stempel | Joseph Cugnot bygde ein dampdriven lastebil | |||||
| 1776 | Stempel | James Watt bygde ei dampdrive vasspumpe i stor skala | |||||
| 1780 | Stempel | James Watt fann opp den dobbeltverkande dampmaskina | |||||
| 1780 | Stempel | Alessandro Volta nytta ein elektrisk gnist til å tenna ei luft-hydrogen-blanding[5] | |||||
| 1782 | Stempel | James Watt bygde ei dobbeltverkande dampmaskin. | |||||
| 1788 | Stempel | James Watt fann opp sentrifugalregulatoren | |||||
| 1791 | Turbin | John Barber fekk patent på og bygde ein primitiv gassturbin | |||||
| 1792 | Rakett | Kong Tipu Sultan av Mysore (no ein del av India) nytta støypejarnsrakettar for å forsvara seg mot åtak frå Det britiske Ostindiske kompaniet under Dei anglo-mysorske krigane | |||||
| 1794 | Stempel | Robert Street fekk patent på ein forbrenningsmotor (utan kompresjon) som nytta terpentin- eller oljedamp | |||||
| 1799 | Stempel | Richard Trevithick utvikla ein høgtrykksdampkjel, som gjorde kondensatorkammeret til Watt overflødig | |||||
| 1801 | Lukka | Philippe Lebon fekk patent på ein dobbeltverkande gassmotor (utan kompresjon) | |||||
| 1806 | Stempel | François Isaac de Rivaz konstruerte ein stempelmotor som gjekk på ei blanding av hydrogen og oksygen | |||||
| 1807 | Stempel | Nicéphore og Claude Niépce bygde ein fungerande prototype av ein motor som dreiv ein båt ved å pressa vatn gjennom eit røyr. Dei kalla motoren «Pyréolophore» | |||||
| 1816 | Lukka | Robert Stirling fann opp ein varmluftsmotor (stirlingmotoren) | |||||
| 1820 | Stempel (atm. tr.) | W. Cecil publiserte eit framlegg til ein stempelmotor som nytta hydrogen som drivstoff. Det var atmosfæretrykket som utførte arbeid når gassen i sylinderen vart avkjølt etter forbrenninga [4] | |||||
| 1823 | Stempel | Whright fekk patent på ein dobbeltverkande gassmotor med sentrifugalregulator [4]. | |||||
| 1823 | Stempel (atm. tr.) | Samuel Brown fekk patent på og bygde ein gassmotor [4] | |||||
| 1826 | Stempel (atm. tr.) | Samuel Morey fekk patent på og bygde ein motor som nytta terpentin son drivstoff | |||||
| 1838 | Stempel | William Barnett fekk patent på ein gassmotor som i tillegg til arbeidssylinderen hadde to andre sylindrar som komprimerte lufta og gassen før dei vart blanda. Motoren hadde ikkje kompresjon, men gassen som strauma inn i sylinderen hadde overtrykk [4] | |||||
| 1843 | Stempel | Drake bygde ein gassmotor som gjekk på lampegass. Turtalet var på 160 o/min og effekten på rundt 20 hk [4] | |||||
| 1854 | Stempel (atm. tr.) | Barsanti og Matteucci bygde ein gassmotor som vart installert på Maria Antonia jarnbanestasjon i Firenze. | |||||
| 1860 | Stempel | Jean-Joseph Étienne Lenoir tok patent på ein totakts gassmotor med innvendig forbrenning, men utan kompresjon. Lenoir testa motoren i ein primitiv bil.[6] Motorane til Lenoir er rekna som dei fyrste som var brukbare i praksis, sjølv om dei hadde svært dårleg verkningsgrad. | |||||
| 1860 | Stempel | Christian Reithmann fekk patent på firetaktsmotoren | |||||
| 1862 | Stempel | Alphonse Beau de Rochas publiserte ei utgreiing om det termodynamiske prinsippet som ligg til grunn for firetaktsmotoren. | |||||
| 1863 | Stempel | Jean-Joseph Étienne Lenoir utvikla ein forgassar og prøvekøyrer ein bil med forbrenningsmotor for flytande drivstoff[6] | |||||
| 1870 | Stempel | Siegfried Marcus bygde ein totaktsmotor utan kompresjon, etter same mønster som Lenoir. Han monterte motoren i ei vogn. | |||||
| 1877 | Stempel | Nikolaus August Otto tok patent på ein firetaktsmotor med innvendig forbrenning, med kompresjon (patentet vart seinare oppheva, etter ei rettssak) | |||||
| 1878 | Stempel | Dugald Clerk laga den fyrste totaktsmotoren med kompresjon, med ein mekanisk kompressor som spylte ut eksosen og fylte sylinderen med luft via ein tilbakeslagsventil i sylindertoppen[7] | |||||
| 1882 | Stempel | George Brayton bygde ein motor som gjekk på parafin, med ein separat sylinder for kompresjon. Motoren hadde låg verkningsgrad | |||||
| 1884 | Turbin | Ægidius Elling fekk patent på ein gassturbin. Charles Algernon Parsonsl bygde ein gassturbin | |||||
| 1888 | Stempel | Joseph Day laga ein totaktsmotor med kompresjon som nytta trykket i veivhuset til å fylla sylinderen | |||||
| 1890 | Stempel | Herbert Akroyd Stuart tok patent på og bygde den fyrste firetakts glødehovudmotoren [8] | |||||
| 1892 | Stempel | Rudolf Diesel tok patent på dieselmotoren | |||||
| 1898 | Stempel | Carl W. Weiss konstruerte den fyrste totakts glødehovudmotoren | |||||
| 1903 | Turbin | Ægidius Elling bygde den fyrste gassturbinen som kunne levera nytteffekt. Effekten var 8 kW (11 hk) | |||||
| 1903 | Rakett | Konstantin Eduardovitsj Tsiolkovskij publiserte rakettlikninga og foreslo å nytta hydrogen og oksygen som drivstoff | |||||
| 1906 | Jet | Rene Lorin fann opp motorjet | |||||
| 1908 | Jet | Victor de Karavodine utvikla grunnlaget for reaksjonsmotorar | |||||
| 1910 | Jet | Henri Coandă bygde det fyrste jetflyet. Det nytta ein motorjet | |||||
| 1919 | Rakett | Robert Goddard publiserte A Method of Reaching Extreme Altitudes[9], som la gunnlaget for mykje av moderne raketteknologi. | |||||
| 1923 | Rakett | Hermann Oberth publiserte Die Rakete zu den Planetenräumen[10], som la gunnlaget for mykje av moderne raketteknologi | |||||
| 1929 | Stempel | Felix Wankel tok patent på wankelmotoren | |||||
| 1932 | Jet | Frank Whittle tok patent på turbojetmotoren | |||||
| 1937 | Jet | Det fyrste jetflyet tok av den 12. april i Storbritannia | |||||
| 1939 | Jet | Hans von Ohain bygde og testa den fyrste turbojetmotoren | |||||
| 1970-talet | Stempel | Ein fekk elektronisk kontrollert tenning i bilmotorar | |||||
| 1980-talet | Stempel | Det elektroniske tenningssystemet vart forbetra for å minske forureining | |||||
| 1980-talet | Stempel | Ein fekk elektronisk drivstoffinnsprøyting på bensinmotorar til bil | |||||
| 1990-talet | Stempel | Ein fekk hybridkøyretøy som nyttar seg av både ein forbrenningsmotor og ein elektrisk motor | |||||
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ al-Din, T., Al-Turuq al-samiyya fi al-alat al-ruhaniyya, 1551.
- ↑ de Caus, S.Les Raisons des forces mouvantes, 1615.
- ↑ Branca, G., Le machine, Roma, 1629.
- 1 2 3 4 5 6 7 The Early History of Combustion Engines', University of Cambridge, Department of Engineering. (vitja 19/4-2008)
- ↑ Electric pistol, Volta's instruments. (vitja 19/4-2008)
- 1 2 Hütten, H., Motoren - Technik - Praxis - Geschichte, 10. utg., Motorbuch Verlag, 1997.
- ↑ Vivian, E.C., The Two-Stroke Cycle Engine Arkivert 2007-09-22 ved Wayback Machine., World wide school library. (vitja 21/4-2008).
- ↑ Hooley, R., The Akroyd Oil Engine Arkivert 2011-05-24 ved Wayback Machine., Ray Hooley's - Ruston-Hornsby - Engine Pages. (Ref. dato: 22/9-2007)
- ↑ Goddard , R., A Method of Reaching Extreme Altitudes, Smithsonian Institution, 19919.
- ↑ Oberth , H., Die Rakete zu den Planetenräumen, 1923.