Beltrami County

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tinghuset i Beltrami County

Beltrami County er eit fylke nord i den USA-amerikanske delstaten Minnesota. Det totale arealet til fylket er 7920 km², 1430 km² er dekt av vatn. I kring 47 000 menneske bur i Beltrami. Fylkesadministrasjonen held til i byen Bemidji.

Fylket vart grunnlagt i 1866 og organisert i 1896. Ved folketeljinga 2000 vart 21,6 % av ibuarane registrert som tyskætta og 19,7 % som norskætta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]