Belukha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Belukha
Belukha sommaren 2001
Belukha sommaren 2001
Høgd over havet 4 506 moh
Ligg i/på Russland
Fjellkjede Altajfjella
Koordinatar 49°48′26″N 86°36′23″EKoordinatar: 49°48′26″N 86°36′23″E
Førsteklatring B.V. Tronov & M.V. Tronov i 1914
Lettaste rute Grunnleggjande stein/snøklatring

Belukha (russisk: Белуха; altaisk Muztau) ligg i Katunfjella og er den høgaste fjelltoppen i Altajfjella i Russland og Kasakhstan.[1] Han er ein del av verdsarvstaden kalla Dei gylne fjella i Altaj.[2]

Belukha har to toppar som stig opp langs grensa mellom Russland og Kasakhstan, like nord for staden der desse to møter grensa til Kina og Mongolia. Det er fleire mindre isbrear på fjellet. Av dei to toppane er den austlege toppen den høgaste med 4 506 meter over havet, medan den vestlege er 4 440 meter over havet.

Belukha vart først klatra i 1914 av Tronov-brørne. Dei fleste som klatrar fjellet går opp den same sørleg ruta som dei tok første gong. Sjølv om Altajfjella er lågare enn mange andre fjellkjeder i Asia er han særs fjerntliggjande og det tar mykje tid og planlegging å komme hit.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Mount Belukha. Encyclopedia Britannica. Vitja 31. juli 2007.
  2. Dei gylne fjella i Altaj. UNESCO. Vitja 31. juli 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]