Bentse Brug

Koordinatar: 59°56′15.983″N 10°45′35.356″E / 59.93777306°N 10.75982111°E / 59.93777306; 10.75982111
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°56′15.983″N 10°45′35.356″E / 59.93777306°N 10.75982111°E / 59.93777306; 10.75982111

Akerselva ved Bentse Brug i 1900.
Foto: Anders Beer Wilse / Teknisk Museum

Bentse Brug var eit industrianlegg som låg ved Akerselva i Kristiania frå 1696 til 1898/1899.[1][note 1]Det låg på Sagene rett ved der Bentsebrua ligg no. Andre namn på fabrikken var Bentse Papirmølle, Øvre mølle og på eit seinare tidspunkt Akerselvens Papirfabriker.

Bentse Brug var opphavleg ei papirmølle etablert av Ole Bentsen etter at han fekk kongeleg privilegium av Kristian V på å bygge ei mølle i Kristiania. Privilegiet gav Bentsen monopol på framstilling av papir i Noreg.

Ved hjelp av pengar frå Gerhard Treschow som òg blei medeigar, fekk Bentsen reist mølla og sett i gang produksjonen. Mølla var den fyrste av sitt slag i Noreg og utvikla seg til å bli ei pionerverksemd for norsk papirindustri.[2]

Den gamle teglsteinbygningen som var hovudbygningen til Bentse Brug vart rive mellom 1956 og 1959. [3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nokre kjelder skriv 1898 og andre 1899 som nedlegging av drifta. Industrimuseum skriv 1899, A. M. Noraker skriv 1898 i sin artikkel om papirproduksjonen i Kristiania i Tobias og Tallak Moland skriv «ved århundreskiftet» i si bok Historien om Akerselva gjennom de siste 400 år.
  1. Bentse Brug - industrielt gjennombrudd for papir Arkivert 2013-09-01 ved Wayback Machine. frå Industrimuseum
  2. Anne Marit Noraker: Papirproduksjon i Kristiania frå Tobias 1/2006
  3. Tallak Moland side 153

Litteratur[endre | endre wikiteksten]