Kristiania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Christiania var ei staving av namnet på byen Oslo frå 1624 til 1924. I alle høve ut på 1870-talet byrja ein å stava namnet «Kristiania» på norskare vis, med k og utan h.

I 1924 vart namnet på byen endra til «Oslo». Endringa var offisiell frå 1. januar 1925. Den gamle delen av Kristiania, som fram til 1925 var blitt kalla Oslo, fekk då namnet Gamlebyen.

Namnet er mellom anna brukt i den historiske romanen Krestiane Kristiania av Torill Thorstad Hauger.

Ei skriftleg kortform av Kristiania eller Christiania var «Xania».