Bergen i Niedersachsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rådhuset i Bergen.

Bergen er ein liten by med eit folketal på om lag 13000 på Lüneburger Heide nord i Landkreis Celle i delstaten Niedersachsen i Tyskland.

I landsbyen Belsen, som frå 1971 har vore ein part av Bergen, låg konsentrasjonsleiren Bergen-Belsen, om lag 6,5 kilometer sørvest for sjølve Bergen. Til minne om Anne Frank, som mista livet i denne konsentrasjonsleiren i byrjinga av mars 1945, har det etter initiativ frå Anne-Frank-Fonds i Basel vore skipa til ein årleg ein Anne Frank fredsdag i Bergen frå år 2000. Då kjem ungdom frå heile Europa saman i byrjinga av juni for å diskutera korleis forståing og fredelege sameksistens mellom folk av ulike nasjonalitetar og religionar kan fremjast.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Bergen i Niedersachsen