Lüneburger Heide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 53°10′7″N 9°56′23″E

Eit parti av Lüneburger Heide i august- september. Røsslyng dekkjer store område.
Einer er ein karakteristisk vekst for Lüneburger Heide.

Lüneburger Heide, som på lågtysk heiter Lümbörger Heid, er eit stort og for det meste flatt lynghei- (hede-), geest- og skogslandskap nordaust i delstaten Niedersachsen i Tyskland. Namnet har dette området fått etter byen Lüneburg, og femner om hovudparten av det som i tidlegare tider var fyrstedømet Lüneburg.

Deler av Lüneburger Heide vert no teke vare på som naturpark, det vil seie at det er eit verna og vedlikehalde kulturlandskap. Dette lyngheilandskapet oppstod allereie i yngre steinalder som fylgje av at menneske hogg og brente den skogen som då stod der for å nytte området framfor alt til beiteland for husdyr, då jordbotnen av sand og aur er lite egna til dyrking. Fram mot byrjinga av 1800-talet dekka slike lyngheier (geest-område) store delar av Nord-Tyskland, men no er det for det meste berre dei sentrale områda av Lüneburg Heide som er att.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lüneburger Heide