Bernard Lagat
| Bernard Lagat | |
| Statsborgarskap | USA |
| Fødd | 12. desember 1974 (51 år) Kapsabet |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Bernard Kipchirchir Lagat (fødd 12. desember 1974) er ein tidlegare mellom- og langdistanseløpar som representerte heimlandet Kenya til 2004, sidan 2005 USA. Han vart dobbelt verdsmeister under VM i friidrett 2007 i Osaka, der han spurta inn til siger både på 1500-meteren og på 5 000 meter. Lagat har elles teke OL-bronse 2000, VM-sølv 2001 og OL-sølv 2004 som Kenya-løpar, alle på 1500 meter, og sølvmedaljar på 5 000 meter både i VM 2009 og VM 2011, samt bronse på 1500 m i VM 2009, alle desse som USA-løpar. Lagat sin personlege rekord på 3.26,3 er kenyansk rekord på 1500 m, noko som per 2019 òg gav han andreplass på verdsstatistikken.
Han sette elles landsrekordar for USA på 1500 meter og 5 000 meter. Han sprang inn på 3.29,3 i 2005 og 12.53,6 i 2011.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 2000 i Sydney: Bronsemedalje på 1500 m – 3.32,4
- VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje på 1500 m – 3.31,1, bakom Hicham El Guerrouj (3.30,6)
- OL 2004 i Aten: Sølvmedalje på 1500 m – 3.34,3, bakom Hicham El Guerrouj (3.34,1)
- VM 2007 i Osaka: Gullmedalje på 1500 m og 5 000 m
- OL 2008 i Beijing: Nr 9 på 5 000 m. Utslått i semifinalane på 1500 m
- VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje på 5 000 m, bronsemedalje på 1500 m
- VM 2011 i Daegu: Sølvmedalje på 5 000 m – 13.23,6, bakom Mo Farah (13,23,3)
- OL 2012 i London: Nr 4 på 5 000 m – 13.42,9
- VM 2013 i Moskva: Nr 4 på 5 000 m – 13.29,2
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 5 på 5 000 m – 13.06,7
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bernard Lagat» frå Wikipedia på engelsk, den 5. august 2019.
- World Athletics
- «Bernard Lagat» (på engelsk). Olympedia. Henta 11. mars 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1974
- Kenyanske mellomdistanseløparar
- Kenyanske langdistanseløparar
- Mellomdistanseløparar frå USA
- Langdistanseløparar frå USA
- Verdsmeistrar i friidrett for Kenya
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Kenya
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Kenya
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2000
- Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2004
- Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016