Sommar-OL 2012

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei 30. olympiske sommarleikane
Inspire a Generation
Olympic Stadium, London, 27 April 2011.jpg
Vertsby London i England i Storbritannia
Nasjonar 204
Øvingar 302
Idrettsgreiner 26
Opna 27. juli 2012, av Elizabeth II av Storbritannia
Eldtennar Callum Airlie, Jordan Duckitt, Desiree Henry, Katie Kirk, Cameron MacRitchie, Aidan Reynolds og Adelle Tracey
Avslutta 12. august 2012
Utøvarar
Menn 5992
Kvinner 4776
Totalt 10768
Dei olympiske sommarleikane
Beijing 2008 Olympic rings with white rims.svg Rio de Janeiro 2016

Sommar-OL 2012 var dei 30. olympiske sommarleikane. Ni byar søkte om å få arrangera leikane, men 6. juli 2005 utpeika Den internasjonale olympiske komitéen (IOK) London til å vera vertsby. Tevlingane vart arrangert offisielt mellom 27. juli og 12. august 2012, men tjuvstarta allereie 25. juli med fotball. London vart den fyrste staden som har arrangert tre olympiske sommarleikar etter å også ha arrangert leikane i 1908 og 1948.

Finalistane[endre | endre wikiteksten]

Søknadsfristen for å arrangere sommar-OL 2012 gjekk ut 15. juli 2003. 18. mai 2004 kunngjorde IOK ei liste over fem potensielle vertsbyar. Finalistane vart:

Opning og avslutning[endre | endre wikiteksten]

Opningsseremonien vart regissert av Danny Boyle, regissøren bak Trainspotting og Slumdog Millionaire. Syklisten Bradley Wiggins opna seremonien med eit bjølleslag. Det vart synt kortfilm frå Buckingham Palace med James Bond-stjerna Daniel Craig og dronning Elizabeth II. Filmen slutta med at stuntmenn som spelte Craig og dronninga, hoppa i fallskjerm frå helikopter og ned på arenaen.

Olympiastadion i London.

London Symphony Orchestra spelte Vangelis sin filmmusikk frå filmen Ildvognene saman med komikaren Rowan Atkinson. Filmmusikken vart brukt som eit gjentakande tema gjennom heile OL. Den olympiske elden vart frakta opp Themsen av David Beckham i båt. Derifrå vart fakkelen frakta av roaren Steve Redgrave. Redgrave overgav elden til sju unge, britiske idrettsutøvarar som saman kveikte elden. [1] Opningsseremonien vart avslutta av Paul McCartney som framførte «Hey Jude». McCartney opptrådte under seremonien for eitt pund i løn. [2]

Under avslutningsseremonien hadde ei rekkje britiske artistar blitt invitert til å opptre. Ein av dei største attraksjonane var at jentegruppa Spice Girls kom saman att og framførte «Wannabe» og «Spice Up Your Life». I tillegg deltok Muse, Oasis, Annie Lennox, Ray Davies, Take That, The Who og Eric Idle frå Monty Python. [3] Kvelden vart også prega av mote då ei rekkje britiske fotomodellar entra scena. I tillegg opptrådte George Michael, Kaiser Chiefs, Fatboy Slim og Jessie J. Mot slutten spelte Brian May og Roger Taylor frå Queen songen «We Will Rock You». Heilt til slutt opptrådte The Who med «Baba O'Riley». Deretter vart elden sløkt før The Who heldt fram med «My Generation» medan alle aktørane kom opp på scenen og kvelden vart avslutta med massivt fyrverkeri. [4]

Den norske troppen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Noreg under sommar-OL 2012.

Noreg deltok med til saman 64 utøvarar i leikane; 31 kvinner og 33 menn. For Noreg vart London-OL det resultatmessig dårlegaste på 28 år. Både Christina Vukicevic, Margrethe Renstrøm og Ingvill Måkestad Bovim måtte avbryta leikane grunna skader, og store medaljehåp som Andreas Thorkildsen og Jaysuma Saidy Ndure innfridde ikkje. [5] Fleire norske roarar, m.a. Olaf Tufte deltok også, men Noreg gjennomførte leikane utan ein medalje i roing for fyrste gong sidan 1968. [6] Til saman vann Noreg fire medaljar under desse leikane: handballandslaget for kvinner vann sitt andre OL-gull på rad, Eirik Verås Larsen tok gull på K 1000 meter, Bartosz Piasecki tok eit overraskande sølv i fekting, og Alexander Kristoff tok bronse i landevegssykling.

OL-maskotane, Mandeville (venstre) og Wenlock (høgre).

Resultat[endre | endre wikiteksten]

USA vart beste nasjon med heile 104 medaljar, 46 av dei gullmedaljar. På plassane etter kom (i riktig rekkefylgje) Kina, Storbritannia, Russland og Sør-Korea.

For fyrste gong tillèt alle deltakarlanda at kvinner fekk ta del i leikane. To av USA sine gullmedaljar kom frå tennisspelaren Serena Williams, både individuelt og i doubles, saman med systera Venus Williams. Systrene har no fire OL-gull kvar, og er med det dei mestvinnande tennisspelarane i OL-historia. [7]

Sprintaren Usain Bolt frå Jamaica gjorde eit suverent OL med gull på både 100 meter og 200 meter, begge gongene rett framfor landsmannen Yohan Blake. For kvinnene var det jamaicanske Shelly-Ann Fraser som vann gull på 100 meter. I tillegg var han med på å setja OL-gull for Jamaica på 4 x 100 meter stafett. Mohammed Farah frå Storbritannia tok gull på både 5000 meter og 10 000 meter.

I symjing gjorde både Michael Phelps og Ryan Lochte eit godt OL med kvar sine gullmedaljar. Robert Harting vann OL-gull i diskoskast, Tomasz Majewski vann i kulestøyt, og eit overraskande gull i spydkast gjekk til Keshorn Walcott frå Trinidad og Tobago. Barbora Spotakova frå Tsjekkia tok spydkastgull for kvinner. Høgdehoppmedaljane for kvinner og menn gjekk begge til Russland. Ivan Ukhov vann i herretevlinga og Anna Tsjitsjerova i dametevlinga.

I sandvolleyball for kvinner var det igjen USA som vann, med dei no triple OL-vinnarane Misty May-Treanor og Kerri Walsh. Latvia tok sitt andre OL-gull i BMX ved Maris Strombergs.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Fleire utøvarar vart tekne for doping under leikane. Den mest alvorlege saka handla om kviterussiske Nadzeja Ostaptsjuk som vann olympisk gull i kulestøyt med eit kast på 21,36 meter. Då det i etterkant kom fram at ho hadde testa positivt på anabole steroidar, vart gullet teke frå henne og tildelt Valerie Adams frå New Zealand. [8] Adams vann fyrst sølvet.

Kappgjengaren Alex Schwazer frå Italia skulle ha delteke på 50 kilometer. Då han testa positivt på EPO, vart han utestengt frå tevlinga. Schwazer vedgjekk dopingbruk etter avsløringa. Både hekkeløparen Ghfran Almouhamad frå Syria og den franske langdistanseløparen Hassan Hirt testa positivt på EPO etter forsøksheatet og vart sende heim.[9] Til saman vart 113 utøvarar tekne for doping dei seks månadane før leikane.[10]

Verdsrekordar[endre | endre wikiteksten]

Desse verdsrekordane vart sett under leikane:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «[[:sv>dato\ 16. juli 2012:Olympiska sommarspelen 2012|Olympiska sommarspelen 2012]]» frå sv>dato\ 16. juli 2012, den 20. april 2017.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]