Bernardino Luini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bernardino Luini
Bernardino Luini 004.jpg
Fødd 1475
Lago Maggiore
Død

juni 1532 (juliansk)
Milano

Yrke kunstmålar
Jeremias i fangenskap, ca 1525
Bøddelen gir Johannes døyparens hovud til Herodes, 1527-31

Bernardino Luini (kring 14801532) var ein italiensk kunstmålar under høgrenessansen. Han var knytt til sirkelen kring Leonardo da Vinci

Luini var fødd i landsbyen Runo ved austbreidda av Lago Maggiore i Lombardia. Omkring 1500 flytta han til Milano saman med far sin. Hans tidlegaste kjende verk er Madonna med barn og to helgenar frå 1507, ei rettnok omstridd påvising.

Stilen hans var i første omgang påverka av Bramantino sin, seinare tok han etter Rafael, Melozzo da Forli og Leonardo da Vinci. Han vert rekna som ein av dei fremste etterfylgjarane av Leonardo. Mange av bileta hans er forenkla framstillingar basert på Leonardo sine motiv. Desse bileta var svært populære i samtida, mange måleri finst framleis i Milano.

Luini var i seinare år i hovudsak oppteken med måling av freskar. Hans framstillingar av kjærlege madonnaer har eit ry for å vere overflatiske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon, 1996

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bernardino Luini