Besòs
| Besòs | |||
| elv | |||
Besòs i Sant Adrià de Besos. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 1 038,31 km² | ||
| Lengd | 17,7 km | ||
| Middelvassføring | 4,33 m³/s | ||
![]() Besòs 41°32′47″N 2°15′02″E / 41.5463°N 2.2506°E | |||
| Wikimedia Commons: Besòs River | |||
Besòs er ei elv i Catalonia i Spania. Ho oppstår der elvane Mogent og Congost renn saman, og munnar ut i Middelhavet. Ho er nesten 18 km lang, men med sideelvane dekkjer nedslagsfeltet hennar likevel så mykje som 1038 km².
I nedslagsfeltet hennar ligg byane Aiguafreda, La Garriga, Les Franqueses, Canovelles, Granollers, Montmeló, Mollet del Vallès, Montcada i Reixac, Santa Coloma de Gramenet, Barcelona og Sant Adrià de Besòs. På grunn av middelhavsklimaet i området varierer vassføringa i elva sterkt.
Sideelvar
[endre | endre wikiteksten]Besòs har fem store sideelvar:
Historie
[endre | endre wikiteksten]Elva kan ikkje nyttast til skipsfart, men har likevel vorte nyta som ei lenkje mellom kysten og dei indre områda i Catalonia. På 900-talet vart Rec Comtal bygd for å nytte elva til vatning.
Elva renn gjennom eit sterkt industrialisert område nær Barcelona, og hadde den tvilsame æra å verte kalla den mest forureina elva i Europa i 1970- og 1980-åra. Sidan midten av 1990-åra har derimot elva vorte langt reinare.
Biletgalleri
[endre | endre wikiteksten]- Sant Adrià de Besos mot sjøen
- Munningen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Besòs» frå Wikipedia på engelsk, den 29. april 2009.
41°27′29″N 2°11′39″E / 41.45806°N 2.19417°E
