Besed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Besed
elv
VetkaRaion2.JPG
Besed i Svetilovitsj i Kviterussland
Land Flag of Russia.svg Russland, Flag of Belarus.svg Kviterussland
Nedslagsfelt 5 600 km²
Lengd 261 km
Middelvassføring 27,8 /s
Kjelde Smolensk oblast
Munning Sozj
Wikimedia Commons: Besed

Besed (russisk Беседь) eller Besedz kviterussisk Беседзь) er ei elv i Russland og Kviterussland og ei av sideelvane til Sozj frå venstre i nedslagsfeltet til Dnepr. Besed er 261 km lang og har eit nedslagsfelt på 5600 km². Middelvassføringa hennar ved munningen er 27,8 m³/s.

Besed har kjelda si sør i Smolensk oblast og renn inn i Mogilev oblast i Kviterussland, gjennom landsbyen Khotimsk og byen Kostiukovitsji, før ho kryssar inn i den vestlege delen av Brjansk oblast i Russland. Frå landsbyen Krasnaja Gora og ned til munningen kan ho nyttast til skipsfart. Etter Brjansk oblast renn ho igjen inn i Kviterussland og munnar ut i Sozj 30 km før Gomel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]