Belarusisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Belarusisk
беларуская мова, belaruskaja mova
Klassifisering: Indo-europeisk
 Slavisk
  Austslavisk
   Belarusisk
Talarar: belarusarar
Bruk
Tala i: Belarus og Polen
Belarusisktalande i alt: 9 000 000[1]
Skriftsystem: Kyrillisk
Offisiell status
Offisielt språk i: Belarus og 12 kommunar i Podlaise-vovoidskapet i Polen
Normert av: Det belarusiske vitskapsakademiet
Språkkodar
ISO 639-1: be
ISO 639-2: bel
ISO 639-3: bel

Belarusisk eller kviterussisk[2] er språket til den belarusiske nasjonen. Det er eitt av dei tre austslaviske språka, og blir tala i og rundt Belarus (Kviterussland).

Det moderne belarusiske språket har utvikla seg monaleg sidan det oppstod som ein versjon av rutensk. Denne varianten var offisielt språk i storhertugdømmet Litauen til 1696, og blir kalla gammalbelarusisk eller gammalkviterussisk. Den første bibelen prenta på eit austslavisk språk var visstnok på gammalbelarusisk.

Språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Etter stordomstida på 1500-talet, gjekk krigane på 1600-talet og følgjene av dei mykje ut over den belarusiske folkesetnaden. Dei attverande utdanna menneska vart tiltrekte av polsk kultur, overklassen tala etter kvart berre polsk, og i 1696 vart polsk offisielt språk i området. Men belarusisk vart framleis tala av bøndene og somme frå adelen som ønskte å vise sympati med vanlege folk.

Etter delingane av Polen i andre halvdelen av 1700-talet vart Belarus ein del av Tsar-Russland. Folk i Belarus kjenner seg nært i slekt med Russland, om dei ikkje ser seg sjølve som russarar, rett og slett.

I folketeljinga i 1897 viste det seg at berre 7,3 prosent av innbyggjarane i byar med meir enn 50 000 menneske sa at belarusisk var morsmålet deira. Denne stoda gjorde at belarusisk fekk namn på seg for å vere eit ruralt språk for folk utan utdanning.

På 1800-talet og førstninga av 1900-talet var det få som skreiv på belarusisk, da bønder flest var analfabetar og bybuarane bruka russisk, polsk eller jiddisch. Det fanst likevel ei rørsle for å vende tilbake til det belarusiske språket.

Den 25. mars 1918 utropa belarusarar ein sjølvstendig nasjonal republikk, men han vart ikkje langvarig. Det offisielle språket i denne skulle vere belarusisk. I 1918-1919 tok sovjetiske styresmakter over kontrollen og skipa Den belarusiske sovjetrepublikken. I 1920-åra kom ein kampanje for gjenreising av nasjonale kulturar, og da begynte noko av administrasjonen og ein del juridiske saker å bli utført på belarusisk, og eit stort tal med bøker vart prenta på belarusisk av framståande belarusiske forfattarar som Yakub Kolas, Yanka Kupala, Zmitrok Biadulia, Maksim Bahdanovich og andre. Det var aktive ordskifte om korleis språket skulle standardiserast.

Denne prosessen vart stansa og jamvel reversert frå og med 1930-talet. Mange vart skotne eller sende til Sibir. Den ortografiske reforma i 1933 russifiserte stavingsreglane for belarusisk språk. I 1938 vart russisk obligatorisk i skulane. I 1958 vart foreldra gitt retten til å velje opplæringsmål for barna sine, og etter det begynte stadig fleire å sende ungane sine til russisk-språklege skular, og talet på skular med undervisning i belarusisk tok til å minke.

Interessa for belarusisk auka att under perestroikaen på slutten av 1980-talet. I 1990 vart belarusisk det einaste offisielle språket i Den belarusiske sovjetrepublikken. Men etter Alexander Lukasjenka vart vald til leiar i Belarus har prosessen med å auke bruken av språket stansa opp. I 1995 var det ei folkerøysting som mellom anna gav russisk same status som belarusisk att. Somme hevdar at det er ein russifiseringsprosess i landet.

Det største senteret for belarusisk kultur og språk utanfor Belarus er den polske provinsen Bialystok, som har ein etablert belarusisk minoritet.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Belarusisk vert vanlegvis skrive med ein eigen variant av det kyrilliske alfabetet. Det moderne belarusiske alfabetet vart fastsett i 1918, og har trettito bokstavar. Tidlegare hadde ein også skrive belarusiske med latinske bokstavar (Łacinka / Лацінка), arabiske bokstavar (av lipkatatarar) og hebraiske bokstavar (av belarusiske jødar).[3] Det glagolittiske alfabetet var noko brukt fram til 1000- eller 1100-talet.

Det belarusiske alfabetetet med kyrilliske bokstavar:

Аа Бб Вв Гг Дд (ДЖдж ДЗдз) Ее Ёё Жж Зз Іі Йй Кк Лл Мм Нн Оо Пп Рр Сс Тт Уу Ўў Фф Хх Цц Чч Шш Ыы Ьь Ээ Юю Яя

Før 1933 hadde det belarusiske alfabetet i tillegg til bokstaven ge (Гг) også bokstaven ghe (Ґґ). Nokre belarusiske lingvistar ønsker å ta opp att denne bokstaven. Det finst ulike måter å romanisera bokstavane på.

Det belarusiske alfabetetet med latinske bokstavar:

Aa Bb Cc Ćć Čč Dd (DŽdž DZdz) Ee Ff Gg Hh Ii Jj Kk Ll Łł Mm Nn Ńń Oo Pp Rr Ss Śś Šš Tt Uu Ŭŭ Vv Yy Zz Źź Žž

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ethnologue, 2001
  2. «Belarus». Språkrådet. Henta 5. august 2022. 
  3. «Belarusian language, alphabet and pronunciation». Omniglot.com. Henta 10. januar 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediabelarusisk

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediabelarusisk (tarashkevitsa)


Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.