Bestråling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bestråling er at ein lekam vert treft av stråler, bølgjer eller hurtige partiklar som skapar fysiske verknader i lekamen. Ved alle former for bestråling vert det overført energi, og lekamen vert meir eller mindre oppvarma. Ved bestråling med kortbølgja (blått, fiolett) eller ultrafiolett lys vil enkelte lekamar sende ut lys med ein annan farge. Dette vert kalla luminescens. Ved bestråling med ioniserande stråling (alfa-, beta- og gammastråling) og nøytron, kan den kjemiske strukturen til stoffet endrast og stoffet kan sende ut radioaktiv stråling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]