Partikkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Partiklar er særs ofte representert som prikkar. Denne figuren kan representere rørsla til atoma i ein gass, folk i ei folkemengd eller stjerner på natthimmelen.

Ein partikkel er ein liten lekam, som ein støvpartikkel eller liknande. Ein partikkel kan skildrast ved hjelp av fysiske eigenskapar som volum og masse.[1][2] Noko som er i partikkelform kan kallast partikulær.

Det vert òg nytta om atom, molekyl og ladde og uladde elementærpartiklar.

Ofte vert ein lekam rekna som ein partikkel etter kva samanheng han vert nemnt i, så lenge storleiken til partikkelen er liten eller neglisjerbar, eller om dei geometriske eigenskapane og strukturen ikkje er relevant..[3] Til dømes kan sandkorn (~1 mm) på ei strand reknast som partiklar, men dei vil ikkje vere partiklar samanlikna med buckminsterfulleren (~1 nm).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]