Bestumkilen Roklubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°55′3.4140″N 10°39′46.890″E

Klubbhuset med selskapslokale attmed Bestumkilen

Bestumkilen Roklubb (BKR) er ein roklubb i Oslo. Klubben er for vaksne roarar på alle nivå, med båtar for individuell roing og lagroing i både tur- og konkurransesamanhang. Klubb- og båthuset ligg på Maritim på nordsida av Bestumkilen i Oslo, mellom Europaveg 18 og sjøen.

Klubben hadde opphavleg namnet Oslo Kvinnelige Roklubb (OKR), som vart skipa 12. juni 1929 etter initiativ av Harriet Hafsøe, og var i si tid den einaste roklubben for kvinner i Noreg. Etter at det vart vedteke at kjønsskilde idrettsklubbar ikkje skulle vere tillate i norsk idrett, fekk Oslo Kvinnelige Roklubb sine fyrste aktive mannlege medlemar i 2001, og i 2002 vart menn valt inn i styret. Eit par år seinare skifta klubben namn til Bestumkilen Roklubb.

Den fyrste tida leigde Oslo Kvinnelige Roklubb tomt hjå Oslo Seilforening på Lille Herbern, men flytta i 1934 klubbhuset til Sjølyst inst i Bestumkilen. Då den inste parten av bukta skulle skulle fyllast ut, fekk klubben seg den noveranda tomta på Maritim, og nytt klubbhus finansiert av tippemidlar, stod ferdig 14. mai 1961.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]