Betesdadammen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Betesdadammen
reservoar
Jerusalem Bethesda BW 1.JPG
Ruinane av den bysantinske kyrkja like ved Betesdadammen
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
By Jerusalem
Koordinatar 31°46′53″N 35°14′09″E

Betesdadammen
31°46′53″ N 35°14′9″ E
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Pool of Bethesda

Betesdadammen er eit basseng i Det muslimske kvarteret i Jerusalem, på veg opp Beth Zetadalen. Det femte kapittelet i Evangeliet etter Johannes skildrar eit slikt basseng i Jerusalem, nær Fåreporten, omgjeve av fem tildekte kolonnadar. Fram til 1800-talet vart det ingen bevis utanom Evangeliet etter Johannes, at det fanst eit slikt basseng. Derfor har forskarar hevda at evangeliet vart skrive seinare, kanskje av nokon som ikkje hadde førstehandskunnskap om Jerusalem, og at bassenget var meir metaforisk, enn historisk.[1] På 1800-talet fann arkeologar restane av eit basseng som passa med skildringa i Evangeliet etter Johannes.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David Couchman (2010), The Pool of Bethesda in Jerusalem, Focus Pub, s. 1, arkivert frå originalen 25. juli 2011 
  2. James H. Charlesworth, Jesus and arkeologi, Wm. B. Eerdmans Publishing, 2006. s. 560-566

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Betesdadammen