Hopp til innhald

Beth Hart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beth Hart

Hart i 2022
Fødd24. januar 1972 (52 år)
FødestadLos Angeles i California i USA
OpphavUSA
Aktiv1993–
Sjanger
Instrument
  • Vokal
  • piano
  • gitar
  • bassgitar
  • cello
  • perkusjon
Stemmetypealt
Plateselskap
Verka som
  • Musikar
  • songar
  • komponist
PrisarBlues Music Award

Beth Hart (fødd 24. januar 1972)[1] er ein USA-amerikansk musikar frå Los Angeles i California. Ho vart kjend då ho i 1999 gav ut singelen «LA Song (Out of This Town)» frå sitt andre album Screamin' for My Supper. Singelen gjekk til topps i New Zealand, og nådde topp 5 på den amerikanske Adult Contemporary og topp 10 på Billboard Adult Top 40-lista.

Hart har hatt fleire godt mottekne samarbeid med gitaristen Joe Bonamassa, som starta i 2011 med Don't Explain, følgt av Grammy-nominerte Seesaw (2013) og Live in Amsterdam (2014), og sistnemnde toppa Billboard Blues Album Chart, ei liste ho har toppa seks gonger. Hennar siste samarbeid med Bonamassa var 2018-albumet Black Coffee. Hart har hatt to nummer 1-singlar i Danmark, «As Good as It Gets» og «Learning to Live», og dessutan eit dobbelt platinaseljande album, Leave the Light On.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Beth Hart